Entreprenørfirmaet Forskaling AS kjøpte den nedlagde Birkeland skule i november 2015. Dei mest aktuelle planane den gong var å gjere om tomta til bustadformål. Nå er tomteeigaren usikker på om dei vil gå for ei rein bustadløysing, noko som vil bety at dei må søke om å rive den ”nyare” delen av skulebygget, eller om dei skal behalde denne delen av bygget til næringsformål.
Uansett blir den 90 år gamle bygningsdelen nærast fylkesvegen rive denne veka.
Forskaling AS har etter oppkjøpet blitt splitta opp i eit driftsselskap og eit eigedomsselskap, men med dei same eigarane. Det er eigedomsselskapet som eig skuletomta.
– Rivinga av den eldste delen av bygget er noko me skulle gjort for eit par år sidan, men me har vore nøydd til å prioritere andre ting. Men nå har me jobba med rivingsprosessen innvendig i halvannan veke. I løpet av denne veka er bygget truleg nede, seier Dagfinn Birkeland, som uttaler seg på vegner av eigedomsselskapet.
Forskaling AS har ei rekke lokale eigarar. Alf Jostein Årtun er dagleg leiar i driftsselskapet, som utfører sjølve rivinga.
Nedlagt i ti år
Birkeland skule blei lagt ned i 2009 og elevane flytta over til skulekrinsen Austarheim skule. Sauda kommune vurderte fram og tilbake kva dei skulle gjere med bygget, der den eldste delen blei tatt i bruk som skulebygg hausten 1928. Det er denne delen som nå blir rive.
Området er i dag regulert til næringsformål. Dersom tomteeigaren bestemmer seg for å bygge privatbustader, må området bli regulert om. Men foreløpig avventar tomteeigaren til dei har bestemt seg for om dei ønsker å behalde den resterande delen av skulebygget, som har ein langt høgare standard enn den utdaterte delen som nå bli fjerna.
– Den resterande delen av bygget er eigentleg i litt for god stand til at det bør bli rive. Me får sjå kva me endar på. Det er også eit kostnadsspørsmål. Bare det å rive den gamle delen av skulen kostar oss ein halv million kroner. Alt skal kjeldesorterast. Blant anna er det PCB i delar av bygget, opplyser Dagfinn Birkeland.
Kjøpt for 500 000
Forskaling AS kjøpte tomta for ein halv million kroner. Da hadde bygget lege lenge ute for sal til ein prisantyding på 2,1 millionar kroner, utan at nokon viste interesse for å kjøpe det. Kommunen vurderte i samband med salet om dei skulle sette ein tidsfrist for når den eldste delen av bygget måtte rivast, men konkluderte med at når kommunen sjølv hadde latt bygget stå i seks år utan å gjere noko med det, var det urimeleg at dei sette ein kort tidsfrist til den nye eigaren.