Ungdommane får godtgjering

Onsdag diskuterte formannskapet møtegodtgjeringar for valperioden 2019-2023. Rådmannen hadde i si innstilling føreslått å auka godtgjeringa for politikarane. I forslaget til vedtak låg det ikkje inne noko godtgjering for ungdommane som deltar i Sauda ungdomsråd. Det meinte Sauda-ordførar Asbjørn Birkeland var feil.

– Eg vil legga inn eit endringsforslag her, der eg føreslår at ungdommane får det same som eldrerådet og funksjonsnedsettes råd, sa Birkeland frå Senterpartiet.

Han fekk umiddelbar støtte frå Høgres Dagfinn Birkeland, som sa at han hadde tenkt på det same. Endringsforslaget blei einstemmig vedtatt. Leiar av ungdomsrådet vil i neste valperiode få ei godtgjering på 2000 kroner per møte. Dette er det same som leiaren av eldrerådet og leiaren av funksjonsnedsettes råd vil få.  Dei øvrige medlemmene i ungdomsrådet vil få betalt 1000 kroner per møte, den same godtgjeringa som medlemmene i kommunestyret, formannskapet, valstyret, klagenemnd, administrasjonsutval, utval for samfunnsutvikling, eldreråd og funksjonsnedsettes råd vil få i komande valperiode.

Politikarane valde elles å la rådmannen sine forslag om auke i godtgjeringane stå.

– Ingen er med i politikken for å bli rike. Men det er uansett småpengar me snakkar om her nå, så viss denne auken kan bidra til at politisk arbeid blir meir attraktivt, så må me gå for dette, sa Kristeleg Folkepartis Kristian Landro.