Det er det kroatiske selskapet Dalekovod som står for sjølve linjebygginga i siste fase av den pågåande Statnett-utbygginga. Bildet er frå 2012 då Dalekovod bygde linje mellom Sauda og Suldal. Foto: Ingvil Bakka.
Det er det kroatiske selskapet Dalekovod som står for sjølve linjebygginga i siste fase av den pågåande Statnett-utbygginga. Bildet er frå 2012 då Dalekovod bygde linje mellom Sauda og Suldal. Foto: Ingvil Bakka.

Nå begynner neste fase i linjeutbygginga

Siste fase i Statnett-utbygginga startar nå. Kroatiske linjebyggarar har leigd heile sportellet til Sauda Fjord Camping det neste halve året.

I forrige veke overtok det kroatiske selskapet Dalekovod heile overnattingsbygget sportellet til Sauda Fjord Camping. Denne veka kjem arbeidsstokken som skal bygge dei nye straumlinjene frå Sauda til Lyse.

– Me er veldig glade for å ha fått til ein avtale med Dalekovod, seier dagleg leiar i Sauda Fjord Camping, Aud Hege Jørgensen Hebnes.

I tillegg til at den kroatiske entreprenøren leiger heile sportellet, har dei med seg eigen kokk og leiger kjøkkenet til Sauda Fjord Camping.

– Men kjøkkenet er likevel disponibelt til dei arrangementa me skal ha. Leigeavtalen for sportellet går ikkje ut over turistkapasiteten til Sauda, sidan me har hatt lågt utleigebelegg på sportellet, opplyser Jørgensen Hebnes.

Også i 2012 hadde Sauda Fjord Camping ein leigeavtale med det same selskapet.

– Det var ryddige folk på mange måtar. Me har gode erfaringar med selskapet, seier Jørgensen Hebnes.

To år trafobygging

Statnett si gigantiske utbygging av linjenettet mellom Sauda og Kristiansand går inn i siste fase. Nå skal høgspentlinjene mellom Sauda og Lyse byggast, ei strekning på åtte mil. For å takle høgare spenning på linjene blir transformatoranalegget til Statnett på Austarheim bygd ut. I haust var Stangeland Maskin ferdig med grunnarbeidet til det nye anlegget, som omtrent vil bli like stort som eksisterande transformatoranlegg. Byggeprosessen starta i februar for eitt år sidan.

Det er GE Power Norway og BRG Entreprenører som bygger sjølve transformatoranlegget på Austarheim. Transformatoranlegget skal stå ferdig i løpet av 2020.

Det betyr også at for eksempel Dalekovod har behov for lokale varer og tenester også neste år.

– Me er alt i dialog om ein avtale med Dalekovod for 2020. Eg håpar at me får på plass ein avtale også neste år, seier Aud Hege Jørgensen Hebnes.

Avtalen med den kroatiske entreprenøren gir eit godt økonomisk suplement til drifta av campingplassen i Saudasjøen.

– Me har alt ein del bestillingar på plass for 2019 med tanke på den øvrige drifta av campingplassen. 2018 blei eit godt år for oss og me har brukt driftsinntektene til å gjere ein del nødvendige restaureringar på hyttene våre, opplyser Jørgensen Hebnes.

Mange hotelldøgn

Også Kløver Hotel har fått viktige kontraktar gjennom Statnett-utbygginga. Under grunnarbeidet som varte i store delar av 2018, hadde hotellet avtale med entreprenøren Stangeland Maskin. Nå i år er det rundt 20 personar som er gjester ved hotellet gjennom Statnett-utbygginga. I første omgang er dette til utpå hausten.

– Men dette er gjester me har i første halvdel av veka. Frå torsdag til søndag har me ikkje overnattingsgjester gjennom Statnett-utbygginga. Då har me svært mykje ledig kapasitet ved hotellet, opplyser hotelldirektør Jan Nordbø.

Han opplyser at det i lange periodar er overkapasitet på hotellsenger i Sauda.

– Sauda kommune har som mål at det på sikt trengs fleire hotellsenger, då Sauda skal byggast opp som turistdestinasjon. Men det er viktig å hugse at sengene skal fyllast opp, også i dag. I periodar har me svært mykje ledig kapasitet når det gjeld hotellsenger i Sauda, seier Jan Nordbø.

Lokale oppdrag

I tillegg har Statnett-utbygginga gitt ei rekke oppdrag for lokalt næringsliv, blant anna til Brødrene Selvik, Ryfylke Elektro og HS Handel.

Lokale leveransar framover vil vere innan overnatting, servering, graveentreprenørarbeid, brøyting av vegar, betong til fundament, leige av maskinar og verktøy og diverse innkjøp til bygging som for eksempel trevirke og armering.

Dette skjer framover:

Måndag starta feltarbeidet i Sauda-området for den kroatiske entreprenøren Dalekovod, som skal bygge linjene mellom Sauda og Lyse. Strekninga er åtte mil og skal ferdigstillast i 2021. I år vil fundament og master bli bygd mellom Sauda og Hylen. Neste år vil dei strekke linjene.

Dette arbeidet vil kreve ein del helikoptertrafikk, men også annan trafikk, særleg opp til Vatndalen der det blir etablert eit baseområde. Tilkomstvegen blir Tjelmenvegen, som blir brøyta opp nå i veke ti. Statnett opplyser at det skal bli tatt omsyn til hytteeigarar og grunneigarar. Det blir også ein baseplass på Birkeland, der det blir nattparkering av helikopter.

Bygginga av transformatoranlegget på Austarheim vil nå pågå fortløpande til og med neste år. Blant anna vil det foregå ein del betongtransport da transformatorsjakta skal støypast på plassen i to omgangar. Etter dette, truleg til hausten, vil det kome ein stor transformatortransport til Sauda.

Oppdrag for millionar

Den lokale entreprenøren Brødrene Selvik har fått oppdrag for fleire millionar kroner årleg under Statnett-utbygginga.

Den gigantiske oppgraderinga av Statnett sine høgspentlinjer mellom Sauda og Kristiansand har gitt ei rekke oppdrag for lokalt næringsliv.

I 2018 hadde Brødrene Selvik ei rekke oppdrag for Stangeland Maskin under grunnarbeidet til det nye trafoanlegget på Austarheim.

– I tillegg bygde me i fjor vegen inn til Vatndalen, opplyser Rune Selvik i Brødrene Selvik.

Vatndalen blir brukt som basestasjon for arbeidet med å bygge sjølve høgspentlinjene frå Sauda og i retning Lyse. I den samanheng fekk Statnett konsesjon til å etablere ein veg.

– Måndag starta me arbeidet med å brøyte vegen. Vidare framover vil me ha oppdrag med fundamenteringa av høgspentlinjene. Oppdraga med denne Statnett-utbygginga utgjer fleire millionar kroner i året for oss, opplyser Rune Selvik.

Sjølv om det i løpet av vinteren er rolegare tider for entreprenørbransjen, opplyser Selvik at det generelt er høg aktivitet i Sauda for tida.

– Alt frå mars tar det seg opp for oss. Frå april må me truleg leige inn ressursar. Då er det full fart for oss, seier Selvik.

Vestre korridor

  • Fellesnamn for sentralnettet på Sør-Vestlandet
  • Berører Agder-fylka og Rogaland
  • Bidrar til auka forsyningssikkerheit
  • Legg til rette for meir fornybar energi på nett
  • Full utnytting av mellomlandsforbindelsar
  • Spenningsoppgradering frå 300kV til 420kV
  • Oppgraderingen føregår trinnvis i seks delprosjekt
  • Tre leidningsprosjekt
  • Tre stasjonsprosjekt som inkluderer åtte stasjonar
  • Kostnadsramme 6,6 – 6,8 milliardar kroner
  • Vestre korridor blir ferdig i 2021-2022