*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Ambulansefagstudiet ved Sauda vidaregåande skule er skulens desidert mest populære tilbod. Til saman 112 elevar står på lista over søkarar til dei 15 plassane. Arkivfoto: Ingvil Bakka.

Rekordmange søkarar – men «alle» vil gå ambulansefag

Kampen for å oppretthalda studieplassane held fram for den vidaregåande skulen.

­Denne veka blei oversikten over primærsøkarar til dei vidaregåande skulane i fylket offentleggjort. Den viser at totalt 476 elevar har sett Sauda vidaregåande skule som sitt førsteval.

– Rekordhøge tal, men dessverre er søkarane veldig skeivt fordelt, opplyser rektor Oskar Waage-Pettersen. Det er lett å forstå kva han siktar til. Av dei 476 har heile 112 sett opp VG2 Ambulansefag som sitt førsteval. Der er det bare plass til 15 elevar.

– Hadde dette vore eit anna studium, kunne me hatt eit berettiga håp om å få oppretta ein klasse nummer to. Det er imidlertid ikkje realistisk for ambulansefag, fordi det er rett og slett ikkje læreplassar til fleire enn dei 15 hos våre samarbeidspartnarar Helse Fonna og Helse Stavanger, slår Waage-Pettersen fast.

Dermed er det fare for at størsteparten av dei 97 som ikkje får plass på ambulanseutdanninga, forsvinn til andre studietilbod ved andre skular, nærare der dei kjem frå.

15 søker YSK

Det var naturleg nok knytt spenning til korleis søkinga til den nye fireårige utdanninga som både gir fagbrev og studiekompetanse, YSK, ville bli. Førebels står 15 elevar på lista her for det kommande skuleåret.

– Det ser greitt ut, men ikkje alle dei 15 er i utgangspunktet kvalifisert, opplyser Waage-Pettersen. For å kunna følga dette spesielle opplegget, har ein sett krav om karakteren 4 i matematikk og naturfag, dette for å ha føresetnadene ein meiner er nødvendig for å kunna komma igjennom studiet. Om nokre av dei som i utgangspunktet manglar litt på dei formelle krava likevel skal få plass, blir ifølge rektoren noko skulen må vurdera og eventuelt forhandla med fylkeskommunen om.

Svingingar

Dei vidaregåande skulane i Rogaland opplever i år ein auke i søkinga til VG1 Teknikk og industriell produksjon. Men ikkje Sauda vidaregåande skule. Elevar som vel denne utdanninga, har ofte sikta seg inn mot arbeid i industrien eller i Nordsjøen. Etter oljekrisa, då mange nordsjøarbeidarar mista jobben, sokk søkinga brutalt. I år er imidlertid søkartala nær 2014-nivå igjen.

– Eg er litt overraska over at det bare er ti søkarar hos oss. Mykje tyder på at det vil bli behov for folk både i industrien lokalt og i offshorenæringa i åra som kjem, seier Waage-Pettersen.

Søknaden til elektro, på si side, er på veg opp igjen. Etter fleire år med låg søknad, har nå 18 elevar ønske om å ta elektrofag i Sauda kommande skuleår.

– Dette heng ofte saman med tilgang på læreplassar, forklarar rektoren.

Han er elles tydeleg på at det er færre søkarar til studiespesialisering, tidlegare allmennfag, enn dei ønsker seg. Grunnen til at talet er såpass høgt som 49 er at også søkarane til ToppVolley-linja på Sand er med her.

20 elevar har søkt seg til VG1 Helse- og oppvekstfag, som er ei grunnutdanning for fleire fagutdanningar. Søkinga til VG2 Helsefag ber elles bod om utfordrande rekruttering på dette området i åra som kjem, då bare fire elevar har dette som sitt førsteval.

Suldølen sviktar

Små årskull i Sauda og at færre suldalselevar vel Sauda som skulestad gir utfordringar for den lokale vidaregåande skulen.

– Me ser at suldølen sviktar oss og søker seg til andre skular, sjølv om me har same studietilbodet hos oss, seier Waage-Pettersen. Han fortel at årsaka til at fleire nå vel skular i Haugesund og Stavanger er samansett.

– Somme oppgir Sandsfjord bru og eit dårleg transporttilbod frå Kolumbus til og frå skulen som grunn. Og andre ønsker ikkje å bu på hybel i Sauda grunna rykte om utfordringar med rus ved skulen. Dette kjenner eg meg ikkje igjen i, noko politiet stadfestar at samsvarer med deira syn. Det er tungt å jobba mot slike mytar, slår rektoren fast.

For Sauda vidaregåande skule er Suldal og Sauda primærleverandør av elevar og Waage-Pettersen skulle gjerne sett at så mange som muleg av ungdommane her valde den lokale skulen som utdanningsstad. Inneverande skuleår er i så måte spesielt, då det for første gong er overvekt av elevar utanfrå primærkommunane, nærare bestemt 52 prosent.

Populært med påbygg

Ein god nummer to på lista over populære studium er påbygg for elevar som alt har eit fagbrev, og som ønsker seg studiekompetanse. Dette er eit nettstudium, slik at desse elevane til vanleg ikkje blir å sjå på skulen. Dette tilbodet er likevel viktig for skulen, med omsyn til å oppretthalda arbeidsplassane.

– Det er til saman over 100 tilsette ved Sauda vidaregåande skule. Dette er viktige arbeidsplassar her ute i distriktet, og me kjempar ein konstant kamp for å halda på dei, seier Waage-Pettersen. Om dei lukkast 100 prosent med i det kommande skuleåret kan rektoren førebels ikkje svara på.

– Det vil gå ein prosess i fylkeskommunen med tildeling av skuleplassar i fleire rundar ut over våren og sommaren. Eg håpar og trur me skal klara å oppretthalda alle arbeidsplassane me har i dag, men den endelege fasiten får me ikkje før etter at skulen er starta opp att i august, opplyser Oskar Waage-Pettersen.

Søkartal ved Sauda vidaregåande skule 2019/20: