Tre tatt for mobilbruk

Måndag ettermiddag gjennomførte politiet ein kontroll i Brugata i sentrum der dei mellom anna hadde fokus på mobilbruk. Bruken av mobiltelefon ved kjøring er generelt aukande, noko som er bekymringsfullt med omsyn til trafikktryggleiken.

– Det blei skrive ut tre forenkla førelegg for mobilbruk. Prisen for eit slikt regelbrot er nå 1 700 kroner, i tillegg til at ein får to prikkar i førarkortet, opplyser overbetjent Øyvind Dybing ved Sauda lensmannskontor. For ferske sjåførar som er inne i den to år lange prøvetida som sjåførar, blir prikkfangsten det doble. Ved åtte oppnådde prikkar i løpet av tre år, mister ein førarretten for motorvogn i seks månader.

Prikkbelastninga for mobilbruk blei innført ved årsskiftet, mellom anna som ein følge av aukande bruk og trafikkfaren dette utgjer.

– Du flyttar deg mange meter på den tida du ser ned på mobilen, då kan mykje skje rundt deg som du ikkje er merksam på, slår Dybing fast.