Magnhild Handeland Helberg (nummer to frå høgre) blei innsett som prest i Ryfylke prosti søndag. Her omringa av soknerådsleiar Per Aksel Birkeland, prost Sigrid Sigmundstad og prestekollega Espen Gya. Foto: Ingvil Bakka.
Magnhild Handeland Helberg (nummer to frå høgre) blei innsett som prest i Ryfylke prosti søndag. Her omringa av soknerådsleiar Per Aksel Birkeland, prost Sigrid Sigmundstad og prestekollega Espen Gya. Foto: Ingvil Bakka.

Ny-presten innsett

Magnhild Handeland Helberg er klar for prestegjerninga i Sauda.

I gudstenesta søndag ettermiddag blei Magnhild Handeland Helberg formelt innsett som prostiprest i Ryfylke prosti, éi veke etter at ho starta i den nye jobben sin. Helberg er tilsett i 40 prosent stilling som fengselsprest i Sandeid fengsel og 60 prosent stilling som prostiprest, med Sauda som hovudbase.

– Eg skal vera prostiprest, noko som betyr at eg også kan bli bedt om å ta teneste i Suldal og på Sand. Men Sauda er basen min, seier ho.

I Sauda deler ho og prestekollega Espen Gya på oppgåvene.

– Eg har faste gravferdsdagar på tysdagar og torsdagar i Sauda, pluss at me har alt laga ein halvårsplan på dei komande gudstenestene og andre kyrkjelege handlingar. I tillegg inngår eg i ei vaktordning med alle prestane i Ryfylke prosti, der me har beredskapsvakt viss det skulle skje ulukker eller viss politiet har behov for hjelp ved varsling av dødsfall, forklarer ho.

Fleire enn vanleg ved gudstenester hadde tatt turen til Sauda kyrkje søndag ettermiddag, då Magnhild Handeland Helberg skulle innsettast som prest i Ryfylke prosti. Leiar av Sauda sokneråd, Per Aksel Birkeland las opp ei helsing frå biskop Anne Lise Ådnøy, medan prost i prostiet, Sigrid Sigmundstad ønska Helberg velkommen som prest i Ryfylke.

I preika si la Helberg blant anna vekt på det å gjera ein innsats for andre, og det at alle har eit menneskeverd.

– Det er viktig  å visa alle respekt og forståing heilt frå livets begynnelse til livets slutt, sa ho.

Magnhild Handeland Helberg erstattar prest Arild Markussen som gjekk av med pensjon ved årsskiftet.