Brannsjefen er bekymra, og har også i år innført ekstra vaktberedskap i påsken.

Bildet er frå skogbrannen inne ved Lona i juni i fjor. Arkivfoto: Frank Waal.

Skogbrannfaren er stor

Brannsjefen er bekymra, og har også i år innført ekstra vaktberedskap i påsken.

av Ingvil Bakka

– Det faste vaktlaget blir forsterka med to personar ekstra frå og med onsdag av, seier brannsjef Inge Seim.

Normalt tel vaktlaga til brannvesenet i Sauda fem personar. Ved behov, for eksempel ved større brannar eller ulukker, kan også mannskap som ikkje er på vakt rykka ut. I påsken tør ikkje Seim stola på at mannskapet som har fri er like lette å få tak i.

– Det er påske, folk er gjerne på skiturar eller på hytta. Derfor set me inn to personar ekstra på vakt. Dette gjer me både fordi det er påske og mange folk i bygda, og fordi skogbrannfaren er stor for tida, seier Seim.

I dag, tysdag 16. april, ligg skogbrannfaren på gult på meterorologisk institutt sin indeks for skogbrannfare. Gult signaliserer at det er moderat skogbrannfare. Men alt i morgon, onsdag, aukar skogbrannfaren og hamnar på 62, som indikerer ein ”stor fare” for skogbrann. Skogbrannfaren aukar på dei komande dagane utover påskeveka. Ifølge langtidsvarselet til yr.no skal det vera sol og opphaldsvêr gjennom heile påsken, med kun litt regn måndag andre påskedag

Frå og med 15. april og fram til 15. september er det eit generelt bålforbod i Norge. Det betyr at det ikkje er tillate å tenna opp bål, grill og eingongsgrill i, eller i nærleiken av skog og anna utmark. Reglane opnar likevel for skjønn, for ein kan tenna opp bål på stader der det ikkje openbart vil medføra brannfare, som for eksempel på sand eller i god avstand til vegetasjon. Mange kommunar i Rogaland har nå i april innført eit totalt bålforbod, som følge av den store skogbrannfaren. I Sauda har ikkje brannsjefen innført eit totalforbod – ennå.

– Eg vurderer det… Men foreløpig held me oss til å be folk vera ekstremt forsiktige. Skogbrannfaren er stor. Det skal ingenting til før det kan ta fyr i daudt gras og tørre kvistar, seier han.

Han ber også folk vera uhyre forsiktige ved bruk av kantklipparar eller anna maskinelt utstyr.

– Ei lita gnist kan vera nok til å skapa ein stor skogbrann, seier han.

Eit brannhelikopter er stasjonert i Sauda, og er i ekstra beredskap for Sauda og omkringliggande kommunar.