– Nå er indeksen så høg at me har innført totalforbod. Det er spesielt gras- og lyngbrannfaren som er stor, og det kan igjen utvikla seg til skogbrann, seier brannsjef Inge Seim, og viser til storbrannen i Sokndal-området.
Hos Meteorologisk institutt er Sauda registrert med 123 på skogbrannindeksen i dag, onsdag 24. april. Tal over 60 blir rekna som stor fare. Det er varsla litt regn i kveld, men dette er truleg så lite at indeksen bare går ned til 118 for dagen i morgon. Fredag er det meldt sol og temperaturar heilt oppe i 20-22 varmegrader, og indeksen stig då opp til 129.
– Folk MÅ vera forsiktige. Vinden me opplever i dag gjer det endå meir farleg med tanke på spreiing av ein eventuell brann, seier han.
Eit totalforbod betyr:
– Det er ikkje lov til å tenna opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken eller andre kokeapparat med brennstoff utandørs i nærleiken av skog og mark.
– Det er ikkje lov å tenna bål og grilla i strandsona.
– Det er ikkje lov å tenna opp bål eller grill på dei vanlegvis godkjende og tilrettelagde bål- og grillplassane.
– Det er ikkje lov å brenna hageavfall.
Brot på reglane kan føra til politianmeldelse. Den som er skuld i ein skogbrann kan bli halde økonomisk ansvarleg.
Foreløpig er det lov å grilla i eigen hage. Brannsjefen minner om at det også kan komma eit forbod mot dette.