Inntektene kommunane har frå vasskrafta er under press. LVK vil ruste opp i kampen om å behalde inntektene. Bildet er ved dammen til Storlivatnet. Foto: Saudefaldene.
Inntektene kommunane har frå vasskrafta er under press. LVK vil ruste opp i kampen om å behalde inntektene. Bildet er ved dammen til Storlivatnet. Foto: Saudefaldene.

Kraftkommunane vil bite hardare frå seg

Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) føler at dei er under konstant økonomisk press. Nå auker dei kontingenten for å ruste opp i kampen om å behalde kraftinntektene.

LVK har dei siste åra kjempa ein stadig tøffare kamp for å behalde kraftinntektene. Motstandaren er dagens regjering som har redusert skattenivået. Skatteletta rammer inntektene til kraftkommunane direkte. I tillegg har regjeringa endra på fordelingsnøkkelen mellom staten og kraftkommunane, slik at staten tar meir av kraftinntektene. I det lange løp, uavhengig av ulike regjeringar, har ein del av kraftinntektene også stått i ro, utan å bli regulert etter inflasjonen. Det betyr at realinntektene til kraftkommunane stadig går ned.

LVK ser nå behovet for å framstå med større musklar i kampen om å behalde kraftinntektene. Til det trengs det meir ressursar. Derfor foreslår landsstyret til LVK at medlemskontingenten kraftkommunane årleg betalar inn blir auka. 23. mai er det ekstraordinært landsmøte i LVK. Kontigentauke er ei av sakene som skal opp til behandling.

To millionar meir

I fjor betalte dei 174 kraftkommunane som er medlem i LVK, tilsaman 15,2 millionar kroner i medlemskontingent. Sauda sitt bidrag var 184 000 kroner.

Nå er forslaget å auke dei totale kontingentinntektene til 17,5 millionar kroner. Sauda sin medlemskontingent vil da auke til 218 000 kroner.

Dette er forslaget om ny utrekningsmodell for medlemskontingent:

– Auke frå 1,3 % til 1,5 % av kommunens inntekter frå konsesjonsavgift

– Auke frå 1,1 % til 1,3 % av 40 % av kommunens inntekter frå naturressursskatt

– Auke frå 0,07 % til 0,09 % av kommunens inntekter frå eigedomsskatt på vasskraftanlegg (gjennomsnitt av dei tre siste åra)

Minstekontingenten blir foreslått auka frå 4720 til 6000 kroner.

Ifølge LVK er dei samla kraftinntektene til dei 174 medlemskommunane på cirka 5 milliardar kroner per år. Samla kontingent utgjer dermed cirka 0,3 prosent av dei samla kraftinntektene.

Dette seier landsstyret i LVK:

”Landsstyret har erfart et stadig sterkere press mot medlemskommunenes inntekter og rettigheter som vertskommuner til vannkraft. Gjennom medlemsundersøkelsen i 2017 ga medlemskommunene positive tilbakemeldinger på LVKs virksomhet på en rekke områder, men flere kommuner etterlyste større synlighet av LVK i det offentlige ordskiftet. Landsstyret er enig i at det er behov for det. Når medlemskontingenten har stått stille siden 2014 og medlemstallet trolig vil bli redusert som følge av kommunereformen, fant landsstyret det i tillegg til vedtektsgjennomgangen nødvendig å vurdere gjeldende kontingentberegningsgrunnlag i lys av dagens utfordringer. Økt press mot kommunenes inntekter og rettigheter krever økt innsats.”