Tobias Espevik (2) kom på scoringslista i Saudas 3-7-tap mot Avaldsnes 16. mai. Frisparket frå rundt 20 meter blei sett vakkert i mål. Foto: Knut Atle M. Seim.
Tobias Espevik (2) kom på scoringslista i Saudas 3-7-tap mot Avaldsnes 16. mai. Frisparket frå rundt 20 meter blei sett vakkert i mål. Foto: Knut Atle M. Seim.

A-laget yppa seg, men blei eit nummer for små

Sauda står framleis med sitt eine seriepoeng etter å ha bli sett på plass av Avaldsnes i 16. mai-kampen på Stadion.

− Det handlar først og fremst om å vera påskrudd frå start, slo Avaldsnes sin spelande trenar Andreas Ulland Andersen fast i forkant av bortemøtet med Sauda på «fotballens nasjonaldag». Etter å ha gått på ein uventa smell heime mot Ølen i serieopninga, har trepoengarane kome jamt for karmøylaget, som er rekna som ein av favorittane i femtedivisjonspulja.

For heimelaget var det klart at kveldens motstandar ville by på solid motstand, og fleire sjukdomsforfall gjorde ikkje oppgåva enklare.

Målkalas

Då kampen var i gang, var det ingen tvil om at avaldsnesspelarane hadde oppfatta bodskapen frå trenaren. Dei raud- og kvitstripete pressa heimelaget høgt frå første stund, og fekk etter kvart uttelling for innsatsen.

Alt etter fire minutt er ein avaldsnesspelar åleine med saudamålvakt Ådne Johnsen Listøl, men sistnemnde gjer ei flott redning og hindrar gjestene frå å få ei tidleg leiing. Tre minutt seinare må Listøl på ny i aksjon etter eit nytt balltap på eigen banehalvdel av heimelaget.

Så, like etter, er det Sauda som står for kveldens første nettkjenning. Eit langt innkast frå Tobias Michalsen Steen blir stussa vidare og når til slutt Kevin Bjelland. Han gjer ingen feil og ekspederer ballen sikkert i mål.

Minuttet etter er det imidlertid balanse i målprotokollen. Einar Utvik mottar ballen inne foran mål og fyrer av eit skot. Målvakt Listøl er med på notane, men skotet blir blokkert av ein utespelar. Ballen stig til vers og går i ein boge over ein utmanøvrert, uheldig Listøl. 1-1.

Avaldsnes held trøkket oppe ut over i omgangen og skaper stadig trøbbel for Sauda-forsvaret. Nemnde Utvik misbruker nok ein stor sjanse, men i det 19. minutt smell det. Andreas Ulland Andersen, for øvrig med fartstid både i Viking, Sannes Ulf og på aldersbestemte landslag, får tid og rom like utanfor 16-meteren. Han fyrer av kanona og skotet går i mål, utagbart for Listøl.

Eit par minutt seinare er bortelaget igjen på ferde. Alain Mobonimpa får stå åleine om lag ti meter frå mål og scorar sikkert. Det står 1-3, og heimelaget verkar ein smule resignerte.

Sauda klarer likevel å mobilisera på nytt. Då rundt halvtimen er gått, speler laget seg til eit par fine sjansar, utan at desse gir tellande resultat. Sjansar blir det òg andre vegen, og etter ein Sauda-corner like før pause står det 1-4 etter ei mønsterkontring, ekspedert av Ulland Andersen.

Hardt straffa

Andre omgang er sju minutt gammal då Sauda på ny blir straffa for unøyaktigheit i forsvarsspelet. Eit langt oppspel blir forsøkt dempa av ein saudaforsvarar. Han får eit dårleg touch, noko ein av dagens tre tomålsscorarar, Einar Utvik, veit å utnytta. Han klemmer til på direkten og ballen går via tverrliggaren og i kassa til 1-5.

Så er det Sauda sin tur. Heimelagets bestemann for dagen, Watthana Arsapakdee, blir felt utanfor Avaldsnes sin sekstenmeter. Det påfølgande frisparket blir svinga inn bak eit passivt Avaldsnes-forsvar og treff hovudet til Eirik Birkeland, som set inn reduseringa til 2-5.

Bortelaget har meir på lager, og set etter kvart inn 2-6 på ei heading etter eit frispark frå kanten og 2-7 på eit langskot som blir curla over reservemålvakt Ole Sivert Birkeland.

I siste speleminutt får så Sauda frispark frå rundt 20 meters hald, litt til venstre for Avaldsnes-målet. Heimelagets midstoppar Tobias Espevik gjer akkurat som lagkameratane på Sauda sin innbyttarbenk spår. Ballen blir skrudd over ein litt rufsete Avaldsnes-mur og rett i mål, forbi ein sjanselaus keeper i gjesten sitt mål. Dette blir kampens siste scoring i det som etter kvart blei eit timålskalas.

Alt i morgon held jakta på seriepoeng fram for nyopprykka Sauda. Då går ferda til Bømlo der tabellnabo Rubbestadneset står på motsett banehalvdel. Neste heimekamp kjem første torsdagen i juni då Vats 94/Skjoldar, som så langt står utan poeng, kjem til Sauda stadion.