Dei 25 000 kronene gjorde at randoløpar Glenn Tore Løland fekk avslutte sesongen med stil.

Glenn Tore Løland kjem til å spisse randoneesatsinga meir mot enkeltkonkurransar og dei mest prestisjefylte løpa i den kommande sesongen. Arkivfoto: Einar Engdal.

Fekk Idrettsrådet sitt elitestipend

Dei 25 000 kronene gjorde at randoløpar Glenn Tore Løland fekk avslutte sesongen med stil.

av Even Emberland

Idrettsrådet i Sauda delte på sitt årsmøte ut elite- og talentstipend til saudautøvarar som i 2018 bemerka seg på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Randoløpar Glenn Tore Løland fekk elitestipendet på 25 000 kroner, medan paralangrennsutøvar Thomas Karbøl Oxaal blei gitt talentstipendet på 10 000 kroner.

Motivasjon i treninga

For Løland var stipendet avgjerande for at han kunne avslutte sesongen med stil. I siste halvdel av mars gjekk han mellom anna lag- og langløpet Pierra Menta, kor han saman med franskmannen Johann Baujard blei nummer 35 samanlagt av 200 lag. Duoen registrerte 22., 26. og 20 beste etappetid på dei tre første etappane, før problem med utstyret på siste dag gjorde at dei fall på resultatlistene.

– Stipendet betyr voldsomt mykje. Eg tenker det betyr at bygda følger med og synest det er kjekt at eg legg ned mange timar i idretten. Eg føler bygda ønsker meg godt, og det er kjekt å kjenne på. Det tar eg med meg på trening, seier Løland.

– Kva går stipendet til?

– Det gir moglegheita til å reise på konkurransar. I år var det eigentleg sånn at stipendet betydde alt for at eg kunne reise på den siste delen av sesongen, det var heilt på nippet. Så pengane går eigentleg uavkorta til reising, forklarer 29-åringen.

Aldri hatt det betre

Tidlegare denne månaden blei Løland og sambuaren Kristina Letnes både foreldre til ei lita jente og trulova. Den nye familiesituasjonen kjem ikkje til å avgrense randoneesatsinga til 29-åringen.

– Det har aldri gått betre, eigentleg, smiler Løland.

– Idretten er ein av dei største delane av meg og livet mitt, og noko eg har drive med gjennom heile livet. Det gir meg så mykje, opplevingar, reiser og turar, og ikkje minst mange venner og eit godt miljø. Det sosiale aspektet betyr mykje for meg. Neste sesong kjem eg til å spisse satsinga meir mot enkeltkonkurransar, som til dømes Pierra Menta. Det blir kanskje ein verdscupkonkurranse eller to, men ikkje noko samanlagtgreier, for då er eg fort vekke i to månader i strekk. Det hadde blitt altfor drygt, forklarer han.

– Kva gjer at det er langløp og lagkonkurransar og ikkje verdscup du vil spisse satsinga mot?

– Det er vanskeleg å forklare kvifor det er sånn, men det er ein heilt annan prestisje i konkurransar som Pierra Menta enn det er i verdscup. Topp 10 i eit sånt langløp er vidt forskjelleg frå topp 10 i ein verdscupkonkurranse. Det er mykje meir prestisje og trøkk rundt dei klassiske langløpa enn det er rundt verdscupen.

– Imponerte stort i 2018

Idrettsrådet sin leiar Anders Skaarer blei valt som leiar for ytterlegare eitt år på årsmøtet. For inneverande periode har han med seg Ann Kristin Nordvik (Sauda IL), Einar Andreassen (Sauda Orienteringsklubb), Geir Magne Ness (IL Ny Von) og Elin Dolmen (Sauda Turnforening) i styret.

– Det er veldig kjekt å gi elitestipendet til Glenn Tore. I 2018 imponerte han stort i randonee og alt anna han måtte finne på å gjere og konkurrere i. Det såg me til dømes sist under Vårkaaten. Det var fleire gode søkarar, men han trekte det lengste strået denne gong, seier Skaarer.