B1 Hurtigbåt Sand
FOTO: Knut Atle M. Seim.

Kva skal det bli av Ryfylke?

Ved årsskiftet blir det flytta grenser i Ryfylke. Kva skjer då med denne rogalandske urregionen når Sandnes og Stavanger etter planen blir ein del av Ryfylke-laget. Sauda-ordførar Asbjørn Birkeland er blant dei som er «positiv med atterhald».

1. januar 2020 skiftar det Ryfylke me kjenner ham. Eller, gjer det eigentleg det? Har det eigentleg noko å bety at Forsand ser ut til å bli ein del av Sandnes og at Rennesøy, Finnøy og Hjelmeland-delen av Ombo, skal høyra til Stavanger kommune? Eller finst dei største grensene mellom øyrene på ryfylkingane? Nyleg var næringsliv og politikarar frå både nye og gamle Ryfylke-kommunar samla til høgttenking under tittelen «Det grenselause Ryfylke».

Midt i Ryfylke

Vertskap for samlinga var Ryfylkealliansen. Sidan opprettinga i 2008 har meir enn 150 bedrifter frå ei rekke bransjar slutta seg til denne organisasjonen, som har som mål å fremma identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke gjennom langsiktig merkevarebygging.

Noko har alliansen klart å bygga opp i løpet av dei elleve åra. I alle fall nok til at 50 personar fann det verd å ta turen til grendahuset på Eidssund på Ombo, denne karakteristiske øya, midt i Ryfylkebassenget. Ombo har blitt grensejustert før, frå å vera delt mellom Hjelmeland, Sjernarøy og Jelsa kommunar til å «bare» høyra til Hjelmeland og Finnøy.

Siste sjans?

Til å innleia ordførar-ordskiftet om det grenselause Ryfylke hadde arrangøren henta inn tidlegare Stavanger Aftenblad-redaktør Tom Hetland. Den opprinnelege sandnesgauken, som i dag er kommentator i same avis, tok forsamlinga med seg gjennom eit historisk blikk på Ryfylkeregionen.

– Ryfylke har ei stolt fortid og er sjølve urregionen i Rogaland. Ein region som spelte ein rolle. Mest halve arealet i fylket ligg i Ryfylke, rett nok mykje av det snaufjell og kaldt vatn, men likevel var dette den rikaste delen. Dalane var «landet gud skapte i sin vrede», som Egersund-presten Peder Calussøn Friis skreiv. Jæren var berre skrinne lyngheiar. I 1801 budde kvar tredje rogalending i Ryfylke, oppsummerte Hetland, før han utfordra ordførarpanelet til å sjå inn i glaskula og spå noko om vegen vidare.

– Kva skal gi Ryfylke identitet? Nå forsvinn grensene me kjenner. Blir Jørpeland etter kvart fanga inn i Stavanger sitt gravitasjonsfelt? Får me eit Rest-Ryfylke meir som Rest-Jugoslavia? Får me eit Ryfylke fragmentert i eit Fjord-Stavanger, eit Fjell-Sandnes og eit Indre Haugalandet? Og treng eigentleg dette å bli katastrofalt?

Hetland gjekk vidare langt i å hevda at merkevaren Ryfylke per i dag er for svak. Dei særeigne kvalitetane er ikkje særeigne nok. Og ikonet Preikestolen slåst Sandnes og Stavanger om.

Slukt av dei store?

Samanslåingsprosessane i Ytre Ryfylke har pågått ei godt stund. Slik kjem til syne mellom anna på vallistene til Sandnes og Stavanger foran haustens kommuneval. Dei fleste partia har ryfylkingar høveleg langt oppe, i alle fall høgt nok til å kapra plassar i både bystyre og formannskap. Stavanger KrF har endåtil dagens Finnøy-ordførar Henrik Halleland som sin ordførarkandidat i den nye kommunen. Så er gjerne intensjonane dei beste, då?

Likevel ligg nok frykta for å bli slukt av dei store på lur. For, er det ikkje nærliggande å tenka seg at Forsand blir ein del av Stavanger og Rennesøy og Finnøy ein del av Stavanger, heller enn at Sandnes og Stavanger blir ein del av Ryfylke?

– Ryfylkingen blir ikkje jærbu, slo Tore Andras Haaland (FrP), fungerande Sandnes-ordførar for dagen, fast, og viste til at dei to nygifte alt planlegg framtida og mulegheitene som ligg der saman.

– Reiselivsstrategien i Nye Sandnes tar omsyn til potensialet som ligg i samanslåinga med Forsand. Samtidig er det viktig å bevara Forsand sin eigen identitet, sa Håland, før han i neste sekvens omtala Forsand som ein av mange bydelar i Sandnes, kva som nå ligg i det.

Utflytta suldøl og ryfylking Bjørg Tysdal Moe, varaordførar i Stavanger dei siste 20 åra, meiner oljehovudstaden sitt inntog i Ryfylke absolutt byr på mulegheiter:

– Stavanger blir den største sauekommunen i Rogaland. Korleis kan ein utnytta dette med omsyn til utviklinga av Matfylket Rogaland?

Ho var også tydeleg på at det frå hennar ståstad ligg eit stort potensial i turistnæringa i Ryfylke, både i det som dag er Rennesøy og Finnøy kommunar og elles. Mellom anna blei Nasjonal turistveg Ryfylke trekt fram.

– Er det slik at Stavanger nå skal inn i alle mulege råd og utval i Ryfylke? undra Hetland.

– Me er der alt. Mellom anna i RV 13 og Lysefjorden Utvikling, repliserte Tysdal Moe.

Saudaordførar Asbjørn Birkeland (Sp) var ein av dei som ikkje føte seg heilt overtydd om at alt bare ville bli velstand for dei små ryfylkekommunane som snart blir ein del av store bykommunar.

– Dette er skummelt, meinte Birkeland.

– Er det slik at du ikkje trur på det dei frå Sandnes og Stavanger seier? spurde Tom Hetland.

– Jo, eg trur på dei som står her i dag. Men eg er meir usikker på korleis det blir om ein to-tre val, når kjøtvekta slår inn og politikarane der skal sikra seg attval, svara Birkeland.

Og den betraktningen kan vera vel verd å dvela litt ved. I høve til folketalet vil Rennesøy og Finnøy bare utgjera rundt fem prosent av folketalet i nye Stavanger. Forsand mellom éin og to prosent av Sandnes. Det slår ikkje akkurat, reint kjøtvektsmessig.

Bare ein turistattraksjon?

Ryfylkingane sin våte draum om å klatra opp i same turist-divisjon som Lofoten og Hardanger er så langt ikkje blitt anna enn nettopp ein draum.

Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad var klar i si meining om kva veg ein må gå for å komma dit.

– Ingen spør lofotingane kva kommune dei kjem frå. Me må dyrka regionen og fylket, slo han fast.

Sauda-politikar Kristian Landro (KrF) var ikkje overtydd om at Lofoten var noko glansbilde å strekka seg etter.

– Eg har vore i Lofoten. Der er det masse nedlagt næring å sjå. Skal Ryfylke bli ein turistattraksjon, ein stad der ein reiser for å sjå korleis det var før i tida? Spelet om Preikestolen avslører noko av haldningane til Stavanger og Sandnes, hevda Landro.

– Preikestolen ligg der han ligg og er jo ikkje nokon kommune-ting. Og eg er einig i at det har vore litt flaut det som har skjedd der, måtte Tore Andreas Haaland medgi.

Eit samfunn i endring

Fleire av dei som tok ordet i ordskiftet påpeikte at eit samfunn i stadig endring opnar stadig nye mulegheiter.

– Folk er ikkje klare over dei store endringane som skjer i til dømes landbruket, det er stadig færre som produserer mat, opplyste Henrik Halleland.

– Landbruksnæringa kan meir enn å produsera mat. Når det kjem til næringsutvikling må me bli flinkare til å tenka regionalt. Sjå for eksempel til Skottland. Der har me noko å læra, meinte Bjørg Tysdal Moe.

– Jaja, der lever dei av å laga whisky, kom det tørt frå salen.

– Akkurat whisky kan eg ein del om, sidan Stavanger er vennskapsby med Aberdeen. Men eg har aldri smakt det, opplyste Tysdal Moe, til latter frå salen.

Halleland valde vidare å trekka fram det han ser som ein svært viktig faktor for at Ryfylke som region skal bestå, båtsambanda.

– Fjordabåtane batt Ryfylke saman tidlegare, men det gjer båtane i dag og. Viss hurtigbåten forsvinn, er eg bekymra for at Ryfylke blir slite i bitar, innrømma han.

Fjell og kraft

– Du etterlyser det som er særeige for Ryfylke. Me har mykje fjell og er storeksportørar av stein. Og me produserer ti prosent av all vasskrafta i Norge, minna Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland om.

– De ser altså på fjella og det kalde vatnet som ein ressurs, konkluderte Hetland, med referanse til si eiga beskriving av Ryfylke i innleiinga.

Det blei frå fleire hald uttrykt forventningar til Stavanger og Sandnes som ein del av Ryfylke. Fleire hinta til dei økonomiske musklane til bykommunane med omsyn til framtidig marknadsføring av regionen. Saudaordførar Asbjørn Birkeland var ein av dei som hadde forventningar med litt atterhald.

– Eg er positiv til å få med Stavanger og Sandnes på laget. Samstundes tenker eg på ordningane kraftkommunane i dag har for å ta vare på dei som bur der. Regjeringa har sett ned eit ekspertutval for å sjå på desse ordningane. Eg er uroa for at det skal komma endringar i dagens vilkår, og eg ventar med interesse på å sjå kva haldning Stavanger og Sandnes inntar i denne saka, slo Birkeland fast.

Må ta eit val

Kva kurs skal så det framtidige, meir eller mindre grenselause Ryfylke stikka ut for å sikra framtidig vekst i verdiskaping og bulyst og ta vare på identiteten til ryfylkingane?

Kan henda var det det litt saktmodige og tålmodige i ryfylkingen som gjorde seg gjeldande på Ombo denne fredagen. Det var i alle fall ingen som spontant tok på seg jobben som vegvisar. Men dei famla likevel ikkje heilt i blinde.

Regionen osar av uforløyst potensial. Mulegheitene som opnar seg med storbyane i vest på laget er så lang heller uutforska, og skal ein finna ein stø kurs må det mobiliserast krefter og gjerast val. Gjerne av det djerve og kreative slaget. Det er som kjent bare daud fisk som sym med straumen.

Og så må ein tenka større. Kommunegrenser verkar bare å vera heft når ein skal lokka turistar. Regionalt, ja, men gjerne endå større. Litt fornøyeleg er det då å tenka på at reiselivsnæringa sjølv alt har tatt eit slik steg nå i år, med lanseringa av fellessatsinga «It’s Waterful», eit samarbeid mellom Reisemål Ryfylke, Stavangerregionen og Destinasjon Haugesund.

Om ingen akkurat såg lyset denne fredagen, midt i det ryfylkske bedehuslandskapet, er det inga overdriving å hevda at ryfylkingane sjølv likevel ser lys i enden av tunellen.

Sagt på Ombo:

Ryfylkes nedgang starta 1. oktober 1960. Då blei bilrasjoneringa oppheva.
Tom Hetland

Blir Jørpeland fanga inn i Stavanger sitt gravitasjonsfelt? Snakkar me om eit Rest-Ryfylke, litt som Rest-Jugoslavia?
Tom Hetland

Ryfylkingen blir ikkje jærbu!
Tore Andreas Haaland om at Sandnes blir ein del av Ryfylke, ikkje omvendt.

Turistane bryr seg ikkje om kommunegrenser. Ingen spør folk frå Lofoten kva kommune dei kjem frå.
Forsand-ordførar Bjarte S. Dagestad (H).

Me har fått hundrevis av nye finnøybuar som ikkje anar kor Ryfylke er.
Finnøy-ordførar Henrik Halleland (KrF)

Dette er skummelt!
Sauda-ordførar Asbjørn Birkeland (Sp).

Dette er første debatten eg har vore i der KrF er det største partiet.
Sauda-ordførar Asbjørn Birkeland (Sp).

Spelet om Preikestolen avslører noko av haldningane til Sandnes og Stavanger.
Kristian Landro, Sauda KrF,

Eg er einig i at det er litt flaut det der med Preikestolen…
Tore Andreas Haaland, Sandnes FrP.

Whisky kan eg ganske mykje om, for me er vennskapsby med Aberdeen. Men eg har aldri smakt det!
Stavanger-varaordførar Bjørg Tysdal Moe (KrF).