Hærverk på driving-rangen

Mange både golfarar og ikkje-golfarar finn stor glede i å prøva seg på driving-rangen til Sauda Golfklubb , der ein kan slå golfballar ut over Rødstjødnå. Tidlegare denne veka sørga imidlertid vandalar for at dette tilbodet nå er stengt etter at kortautomaten der ein kjøper ballar blei øydelagd.

– Nokon har tatt vekk antenna og øydelagt kortautomaten, slik at det nå ikkje er råd å bruka driving-rangen. Dette er me veldig leie oss for, då me bruker mykje tid og krefter på å halda dette tilbodet ope, seier Ståle Lunde i golfklubben.

– Øydeleggingane har skjedd ein gong mellom tysdag kveld og onsdag føremiddag, sannsynlegvis tysdag kveld, opplyser Lunde, og legg til at saka er meldt til politiet.

Også tidlegare har golfklubben vore utsett for hærverk ved driving-rangen. Den gongen skjedde betalinga via ein myntatutomat, slik at det var pengar å finna der. Sidan i fjor sommar har imidlertid betaling skjedd med bankkort.

Ifølge Lunde vil det ta minst ei veke før ein får reparert anlegget.

– Det er trasig at somme øydelegg for andre på denne måten, i tillegg til at det sjølvsagt får økonomiske konsekvensar. Dersom nokon har observert nokon i området tysdag kveld oppmodar me dei om å kontakta politiet, avrundar Ståle Lunde.