Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum stiller opp på åpent møte under sitt Saudabesøk. Foto: Senterpartiet.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum stiller opp på åpent møte under sitt Saudabesøk. Foto: Senterpartiet.

Slagsvold Vedum til Sauda

Hurtigbåt, kraftinntekter, Etneveg, lyntog og industri er tema Senterpartiet i Sauda vil ta opp når partileiaren kjem til Sauda torsdag.

Det går år mellom kvar gong ein partileiar besøker Sauda. Torsdag kjem Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Leiar av Senterpartiet i Sauda, Eirik Birkeland, opplyser til Ryfylke at dei har ei lang liste med aktuelle saudasaker dei ønsker å ta opp.

– Me vil ta Vedum med på omvisning på smelteverket og prate om industripolitikk og rammevilkår for den kraftforedlande industrien, samt distriktsutfordringar, kompetansebygging og rekruttering, seier Birkeland.

Smelteverket i Sauda vil trenge ein god del nye tilsette, da mange går av med pensjon. Smelteverket har blitt høgkompetanse arbeidsplassar og kjenner på utfordringa med å rekruttere den kompetansen dei ønsker seg.

Samtidig kjempar fagforeiningane til industrien for at Norge som kraftproduserande nasjon i større grad skal fokusere på å foredle kraft sjølv, i staden for å bygge fleire utanlandskablar.

– Av aktuelle lokale saker står sentralisering og samferdsel sentralt. Hurtigbåtanløp er viktig for Sauda og nedlegging av Vegvesenets trafikkstasjon er eit viktig tema. I tillegg står veg til Etne og arbeidet med lyntog i Sør-Norge på agendaen. Kraftbeskatning håper me også å kome innom, seier Eirik Birkeland.

Hurtigbåten til Sauda har vore under sterkt press etter at denne statlege hurtigbåtstøtta til Rogaland fylkeskommune blei kraftig redusert. Også inntektene til kraftkommunar har vore under hardt skyts gjennom mange år.

Støttar lokale kampsaker

Trygve Slagsvold Vedum opplyser til Ryfylke at det er lokale saker han vil trekke fram under besøket.

– Det eine er regjeringas endring i inntektssystemet til fylkeskommunane, som blant anna bidrar til at Rogaland får redusert finansiering av hurtigbåtar. Dette er navlestrengen mellom Sauda og Stavanger og bør ikkje bli kutta i. Eit anna eksempel er forslaget om å legge ned trafikkontoret i Sauda og den ambulerande oppkjøringa for tunge kjøretøy. Kontoret har 1500 henvendingar i året. Sauda vidaregåande skule har ei landslinje for yrkessjåførar og treng mulegheitene for at alle elevane kan ta teori og oppkjøring utan timesvis med reising kvar veg. Skulen er ein svært viktig arbeidsplass for Sauda. Også resten av befolkninga, spesielt ungdom, mister eit godt tilbod for teoriprøvar og trafikktenester, seier Slagsvold Vedum.

Han opplyser at Senterpartiet kjemper mot å gjere Norge til ein del av EUs energiunion og er sterkt imot eksportkablar av norsk straum til utlandet.

– Dette vil auke straumprisen i Norge, og har svært negative konsekvensar for industrien i Sauda. I april utgav DeFacto analyse ein rapport som viste at ein auke i straumprisen på 10 øre/kWh vil auke kostnadane ved ferrolegeringsproduksjonen i Sauda med 70 millionar kroner i året. Noko slikt kan me i Senterpartiet aldri akseptere! Norsk straum skal brukast til å skape norske arbeidsplassar, seier Slagsvold Vedum.

– Eg vil også trekke fram regjeringas fjerning av eigedomsskatt på «verker og bruk». Det er ikkje i smelteverkets interesse at dei små skattane som går til lokalsamfunnet blir kutta i. Det er viktig at kommunen har inntekter til å sikre gode tenester, meiner senterpartileiaren.

Prioriterer Sauda-besøk

– Du kan ikkje besøke alle kommunar før kommunevalet. Kvifor Sauda?

– Asbjørn Birkeland er ein viktig grunn til at eg prioriterer å reise til Sauda. Han er ein ordførar eg og Senterpartiet verkeleg er stolte av! Han er ei tydeleg røyst for lokalsamfunna og Sauda kommune. Han kjem med gode innspel også til den nasjonale politikken, for eksempel innan energi- og industripolitikken. Det har sjølvsagt blitt lagt merke til blant mange i Senterpartiet kor stor oppslutning og tillit han har fått lokalt. Samtidig veit eg at når eg besøker Asbjørn vil eg lære mykje. Det eg lærer i Sauda har også relevans andre stader i landet, spesielt andre industristader, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Etter Sauda Sp sitt program med Slagvold Vedum, blir det åpent møte i Folkets Hus, der kven som helst kan kome, og der det blir muleg å stille spørsmål til Trygve Slagsvold Vedum.