Kommuneadministrasjonen foreslår at hytter får ein eigen kommuneplan, og at politikarane prioriterer å få på plass blant anna næringsareal. Sauda Vekst har spelt inn at dei ønsker dette området bak Statnett sitt anlegg på Austarheim som nytt næringsareal. Foto: Frank Waal.
Kommuneadministrasjonen foreslår at hytter får ein eigen kommuneplan, og at politikarane prioriterer å få på plass blant anna næringsareal. Sauda Vekst har spelt inn at dei ønsker dette området bak Statnett sitt anlegg på Austarheim som nytt næringsareal. Foto: Frank Waal.

Ueinige også om næringsareal

Fylkesmannen har protestert på ein del av det nye næringsarealet i kommuneplanen. Sauda Vekst vil på si side ha vesentleg meir areal sett av til næring.

Sauda Vekst foreslår at det blir regulert inn eit stort nytt næringsareal på Austarheim ved sida av Statnett sitt transformatoranlegg.

– Sauda Vekst meiner at planen set av for lite areal til næringsformål. Dersom ein skal lukkast med å tiltrekke seg nye næringar er det viktig å ha fleire alternativ klare. Kvar industribransje har sine særpreg og derfor treng ein alternativ å velge mellom. Det er stor tilgang på kraft, som er ein av Sauda sine store fordelar og vi må legge til rette for areal nær kraftnettet, skriv Sauda Vekst i sin uttale til kommuneplanen.

Sauda Vekst forseslår derfor at arealet bak transformatoranlegget på Austarheim blir sett av til næringsareal, og meiner det er eigna og godt skjerma frå bustader.

Sauda Vekst nemner som eksempel at i Rana er det realistiske planar om å bygge ein batterifabrikk, som vil gi tusen nye arbeidsplassar. Fabrikken treng 700 000 kvadratmeter areal, og Rana er valt på grunn av gode tomtemulegheiter, god tilgang på kraft og lang industritradisjon.

– Gode alternativ til areal må Sauda også kunne levere, uttaler Sauda Vekst.

Rådmannen støttar ikkje dette forslaget og viser til at fylkesmannen alt har levert motsegn mot fleire nye næringsareal i kommuneplanen.

Foreslår eigen hytteplan

Kommuneadministrasjonen foreslår at Sauda lager ein eigen kommuneplan for fritidsbustader og friluftsliv, for å få fortgang i den resterande delen av kommuneplanen.

Kommuneplanen som Sauda kommune har hatt ute på høyring, har møtt kraftig motstand frå Fylkesmannen i Rogaland og fylkesrådmannen. Begge instansar protesterer heftig på dei nye hytteareala politikarane ønsker inn i kommuneplanen. I tillegg blir det protestert mot fleire nye bustadfelt og næringsareal.

Motsegnene som har blitt fremma er ikkje noko kommunestyret kan sjå bort frå. Blir det ikkje oppnådd einigheit med fylkesmannen, vil kommuneplanen til Sauda bli bestemt på departementsnivå, utan at Sauda kommune kan anke dette utfallet.

I morgon, onsdag, skal formannskapet behandle kommuneplanen med alle høyringsuttalane som har kome. Kommuneadministrasjonen foreslår at dei nye hyttefelta blir tatt ut av kommuneplanen og at det deretter blir utarbeidd ein eigen kommuneplan for fritidsbustader og friluftsliv. Dette er noko som også fylkesmannen foreslo i sin høyringsuttale til kommuneplanen.

Dei områda som politikarane ønsker som nye hyttefelt, blir foreslått merka av i kommuneplanen som midlertidige omsynssoner i påvente av ei seinare avklaring.

Nye utsettingar

Dersom denne strategien blir følgd vil det bety at det vil ta tid før det blir klart kva som blir nye hyttefelt i Sauda og at utbyggingsklare grunneigarar i såfall må smøre seg med vesentleg meir tålmodigheit.

Men sjølv om det blir laga ein eigen kommuneplan for fritidsbustader og friluftsliv, vil ikkje det fjerne alle motsegnene i kommuneplanen. Framleis er det fleire nye bustadfelt og nye næringsareal det er fremma motsegn mot og der ein må bli einige med fylkesmannen.

Onsdag skal formannskapet utnemne eit meklingsutval som skal mekle mellom Sauda kommune og fylkesmannen. Fylkesmannen har signalisert at enkelte område det er fremma motsegn mot, er diskuterbare.

I går ettermiddag, måndag, blei også kommuneplanen til Sauda behandla av fylkespolitikarane i fylkesutvalet. Dette vil Ryfylke kome tilbake til i neste avis.