Ja til ”sentrumsnært”

Formannskapet diskuterte onsdag saka der Albin AS har søkt dispensasjon i samband med eit ønske om å riva ein eksisterande bustad, samt oppføring av tremannsbustad på ei tomt i Åbødalen, nær Solbrekk.

– Tommelen opp frå oss, sa Høgres Dagfinn Birkeland.

I sakspapira blir tomta skildra som ”sentrumsnær”, noko Arbeidarpartiets Ingrid Hillestad stilte spørsmål ved om var eit rett omgrep her, då området ligg 1000 meter frå sentrum. Her fekk ho motbør frå andre i formannskapet.

– Eg synest det er flott at me utvidar begrepet ”sentrumsnært”. Dette er ikkje langt frå sentrum. Me er bortskjemte med avstandar i Sauda, sa Senterpartiets Ivar Johannes Handeland, og fekk støtte frå både partikollega og ordførar Asbjørn Birkeland og Kristian Landro frå Kristeleg Folkeparti.

Forslaget om å gi Albin AS dispensasjon til å bygga ein tremannsbustad i 100-metersbeltet ved Nordelva blei einstemmig vedtatt. Dispensasjonen blir gitt på vilkår at Fylkesmannen i Rogaland ikkje har innvendingar i saka.