Tips brannvesenet!

Nå kan du melda inn alle mulege bekymringar du måtte ha når det gjeld brann hos deg sjølv, slekt, naboar eller andre sambygdingar.

– Me har meldt oss i dette landsomfattande førebyggingsarbeidet, seier brannsjef i Sauda, Inge Seim.

Han viser til ei nettside der ein nå kan melda inn bekymringsmeldingar knytt til brann, og der ein lett kan skriva inn kva ein er bekymra for, kva kommune det gjeld, og kva adresse bekymringa gjeld. Då vil brannvesenet i Sauda få melding om dette, og kan dra ut på eit tilsyn ein dag.

– Tilsynet kostar ingenting, verken for den som tipsar om forholda, eller for den som eventuelt får besøk av brannvesenet, forsikrar Seim.

Skulle det derimot bli avdekka alvorleg brannfare som huseigar må retta opp ved hjelp av innleigde fagfolk, vil dette sjølvsagt vera ei teneste ein må betala for.

Ifølge nettsida må den som tipsar fylla ut namnet sitt, men dette vil ikkje bli delt vidare.

– Me treng opplysningar om deg for å kunna ta kontakt viss me har spørsmål om bekymringsmeldinga di. Namnet ditt eller kontaktopplysningane dine vil ikkje bli delt med nokon utan ditt samtykke, heiter det i informasjonen på nettsida.

Eksempel på forhold som kan vera bekymringsfulle er: Menneske som ikkje klarer å ivareta sin eigen brannsikkerhet, dårlege rømmingsvegar, byggtekniske manglar, uframkommeleg tilkomst for brannbilar, feil oppbevaring av gass, dårlege elektriske anlegg eller koplingar, eller ombygging eller anna arbeid der brannsikkerheita er redusert.

– Målet er førebygging av brann. Me har sjølvsagt ikkje til hensikt å ”ta” nokon fordi dei har dårleg brannsikring. Målet er å hindra brannar som kan ta liv, seier Inge Seim, brannsjef i Sauda kommune.

Det er kun bekymringar som kan meldast inn på den nye nettsida. Ved brann må ein sjølvsagt ringa nødnummeret 110.