Roger Haraldsen liker å ha ein finger eller ni med i det som skjer.

Vekas portrett: Roger that!

Roger Haraldsen liker å ha ein finger eller ni med i det som skjer.

av Ingvil Bakka

PORTRETTET:

Namn: Roger Haraldsen.

Alder: 50 år.

Yrke: Lærar/miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule.

Favorittmat: Pinnekjøt!

Best på TV: Idol. Eg synest det er kjekt å sjå nye talent, spesielt innan musikk.

Ungdomsidol: Queen var store! Dei lytta eg mykje til.

Favorittpolitikar: Jens Stoltenberg. Den karismaen hans, og den måten han klarte å fremma bodskapen til partiet sitt på, var unik.

Fjord eller fjell: Fjell. Då me skulle ha oss hytte, vurderte me begge deler. Me landa på hytte i fjellet, på Brekkestølsbråtet og har aldri angra ein dag.

Livsmotto: Alltid sjå lyst på livet! Og eg prøver å alltid gi 99 prosent positive svar.

To ting du ikkje klarer deg utan: Forutan familien? Tja. Eg klarer meg faktisk veldig godt utan mobilen, eg skrur den faktisk heilt av i feriar. Men kaffi er min store last. Og så er eg veldig glad i jobben min.

Kva lag/foreining ville du gitt 100 000 kroner til: Romania Aid. Dette hjelpearbeidet har lokal forankring, og eg føler meg trygg på at pengane går direkte til dei nødlidande.

 

Roger Haraldsen liker å ha ein finger eller ni med i det som skjer.