Tor-Erik Tvedt (innfelt) blir ny verksdirektør for Eramet Norway Sauda. 47-åringen startar å arbeide i Sauda i august. Foto: Anne-Lene Molland, Hydro (innfelt) og Frank Waal.
Tor-Erik Tvedt (innfelt) blir ny verksdirektør for Eramet Norway Sauda. 47-åringen startar å arbeide i Sauda i august. Foto: Anne-Lene Molland, Hydro (innfelt) og Frank Waal.

Eramet har funne ny direktør

Tor-Erik Tvedt kjem frå Hydro Aluminium Karmøy for å bli verksdirektør ved Eramet Norway Sauda.

Rune Dolmen slutta som smelteverksdirektør ved Eramet Norway Sauda 1. april i år. Sidan har det norske konsernet saman med smelteverket i Sauda arbeida for å få på plass ein erstattar.

Nå er det klart at den nye verksdirektøren i Sauda blir Tor-Erik Tvedt. Dei tilsette fekk beskjed om tilsettinga i førre veke.

Startar i Sauda i august

Tvedt kjem frå stillinga som leiar for prosjektavdelinga til aluminiumsverket Hydro Aluminium Karmøy. Som ei følge av tilsettinga, flyttar 47-åringen til Sauda. Han startar å jobbe ved Eramet Norway Sauda 5. august. Dei første seks vekene skal han ifølge human resources-direktør Marianne Synnes Kaasa i Eramet Norway-konsernet gjennom eit introduksjonsprogram. Difor vil Eirik Daniel Fatnes vere fungerande verksdirektør fram til 15. september, før Tvedt offisielt blir Eramet Norway Sauda sin nye direktør.

– Spanande for Sauda

– Me har hatt ein vanleg og grundig rekrutteringsprosess, og me er veldig godt fornøgde med resultatet. Me synest me har funne ein spanande kandidat for verket i Sauda, seier Kaasa.

– Kva gjorde at ein ønska Tvedt som ny verksdirektør?

– Han blei valt fordi han har lang og samansett erfaring frå Hydro Aluminium, kor han har jobba mykje med forbetringsarbeid, kor han kan vise til konkrete resultat. I tillegg er han ein veldig triveleg og omgjengeleg mann som er tydeleg interessert i Sauda og arbeidet ved smelteverket, forklarer Kaasa.

25 år i Hydro

Tvedt har ikkje hatt moglegheit til å gi kommentarar til Ryfylke denne veka.

Han har teknisk bakgrunn på ingeniørnivå innan kjemi og prosess. Før han blei leiar for prosjektavdelinga ved Hydro Aluminium Karmøy, har han mellom anna vore vedlikehaldssjef ved Hydro sitt aluminiumsverk i Årdal, prosesspesialist og forbetringsansvarleg i Hydro si verksemd i USA, samt hatt ei rekke andre stillingar for Hydro i Årdal og i Sunndal på Nordmøre sidan 1994.

– Prosessen med å finne ein ny verksdirektør har gått over ei tid. Det er viktig for oss også å få inn personar med erfaring frå andre verksemder. Tor-Erik har ein profil som passar oss godt, og han har ein god bakgrunn, seier Kåre Bjarte Bjelland, direktør for strategi og kommunikasjon i Eramet Norway.