Lokalpolitikarar i Sauda, nå med ordførar Asbjørn Birkeland i spissen, og kommuneadministrasjonen har lenge arbeida for å bli høyrt om problema lokalsamfunnet får ved flaum i Svandalsfossen.
I fjor haust arrangerte Sauda kommune eit møte kor Vegvesenet, fylkespolitikarar, NVE og fylkesmann var til stades for å diskutere Svandalsfossen. Etter møtet blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sikre framdrift, både for kortsiktige og langsiktige tiltak. Samtidig uttalte Vegvesenet at ein håpa å få opp leielys som eit kortsiktig tiltak i løpet av i fjor haust.
Nå opplyser Vegvesenet ved Elisabeth Marken Danielsen at leielysa vil vere på plass i løpet av våren i 2020.
– Me skulle sjølvsagt hatt det på plass tidlegare. Det er sånne prosessar som tar tid med offentlege anskaffingar. Vegvesenet er også midt i ein omorganiseringsprosess i Vegvesenet, og dette året har vore spesielt med lite bemanning. Det har vore fleire som har slutta og nye personar må sette seg inn i saka. Det har også forseinka saka, seier Danielsen.
Vanskeleg å rekne effekt
Leielysa har lenge vore ønska av Sauda kommune for å hjelpe trafikantane når det blir stor vassføring i fossen. Minst like viktig for Sauda kommune har det vore at det kjem ei endeleg løysing. Danielsen har leia arbeidsgruppa med mål om å finne ei langsiktig løysing for Svandalsfossen og flaumfaren, som vinterstid kan isolere saudasamfunnet. Nå er arbeidsgruppa lagt ned.
– Men det betyr ikkje at me har slutta å jobbe med langsiktige tiltak. Det har meir å gjere med at me vurderer at behovet for arbeidsgruppa ikkje lenger er til stades, seier Danielsen.
– Å gjere langsiktige tiltak i Svandalsfossen har vist seg å vere veldig komplisert. Nesten uansett kva ein skal gjere i sjølve fossen og foss-sonen, så krev det dispensasjon frå NVE. I tillegg er effekten av dei potensielle tiltaka me har sett på usikker. Sprenging, riving av moloen, leie vatnet i ein annan retning, bore omløpstunnel under fossen er nokre av tiltaka me har vurdert. Me har ikkje klart å konkludere sikkert at nokre av dei tiltaka vil vere effektive, utdjupar ho.
Gjennomsiktig glasvegg
Skal ein søke konsesjon hos NVE for eit tiltak, må ein også gjennomføre ei kartlegging av raudlisteartar i fossesprøytsonen. Den har Vegvesenet planlagt å gjennomføre i sommar. NVE har tidlegare uttalt seg negativt til kraftverk i Svandalsfossen, mellom anna fordi førekomsten av raudlistearten kystfloke då kan gå tapt.
Ein konsesjonssøknad krev eit omfattande arbeid av Vegvesenet. Danielsen håper difor at å sette opp ein gjennomsiktig skjermvegg på brua ved fossen kan bli løysinga. Det er ifølge ho eit tiltak som ikkje krev konsesjonssøknad. Vegvesenet vil gjennomføre ein test ved neste flaum i Svandalsfossen, for å vurdere om skjermvegg er ei god løysing.
– Me har vore i kontakt med NTNU, men også dei har vanskeleg for å rekne på effekten av tiltaket. Difor vil me gjere ein felttest sjølv når det er mykje vatn i fossen. Om det då viser seg at det fungerer, så kan me gå for ei slik løysing. Tanken er at ein gjennomsiktig glasvegg ikkje vil ta vekk det spektakulære for turistar, samtidig som det vil ta vekk det verste vassråket når det er flaum i fossen, forklarer Danielsen.
Positiv ordførar
Ordførar Asbjørn Birkeland er positiv til ei løysing med ein glasvegg.
– Ingenting hadde vore betre. Generelt synest me at ting tar for lang tid å realisere, men samtidig synest eg det har vore eit betydeleg auka fokus i saka frå Vegvesenet si side etter at me begynte å presse på dei siste åra. Nå føler eg at framdrifta er god. Nå blir det jobba med saka, medan det tidlegare bare har vore prata om saka.
– Kva synest du om at leielysa kjem til våren som eit kortsiktig tiltak?
– Det er bra at det kjem, men det tar lenger tid enn me tenkte oss. Det viktigaste for oss er at det på sikt kjem ei endeleg løysing som gjer at me ikkje risikerer at vegen blir stengt ved flaum, seier Birkeland.