Ingen skjenkebrot

Laurdag 22. juni sidan besøkte kontrollørar frå NoRoSun skjenke- og salskontroll fleire skjenkestader i Sauda for å sjå at dei skjenka i tråd med regelverket.

Dei to utsende fekk ein lett jobb med å skriva rapportar etter runden sin. Verken på Cafè 42, Grand Manilla, Kraft Kafè, Sauda Fjordhotell eller Kløver fann kontrollørane noko å setta fingeren på, medan dei i Allmannajuvet kom til stengde dører.

Ved fleire av stadene avla kontrollørane to besøk. I rapporten frå Grand Manilla blir det merka at det var noko høgt rusnivå ved første besøk, men dette var tatt hand om på runde nummer to og dei attverande gjestene koste seg.