Haugaland Kraft er eigd av kommunar og kraftselskap på Haugalandet og i Sunnhordland. Sauda kommune er ikkje ein del av det gode (eigar)selskapet, og kjem heller ikkje inn dit, i alle fall ikkje i denne omgangen. Foto: Knut Atle Seim.
Haugaland Kraft er eigd av kommunar og kraftselskap på Haugalandet og i Sunnhordland. Sauda kommune er ikkje ein del av det gode (eigar)selskapet, og kjem heller ikkje inn dit, i alle fall ikkje i denne omgangen. Foto: Knut Atle Seim.

Sauda ønsker å kjøpa seg inn i Haugaland Kraft

Dei ettertrakta kraftaksjane blir imidlertid vanskeleg, for ikkje å seia umuleg, å få tak i.

Tidlegare i sommar varsla Bokn kommune at dei var interessert i å selja aksjeposten sin med 0,86 prosent av aksjane i Haugaland Kraft. Blant interessentane til å overta aksjane er også Sauda kommune. Eit kommunestyrevedtak i Karmøy måndag denne veka ser imidlertid ut til halda Sauda på sidelinja.

Forkjøpsrett

Det var til tider høg temperatur i ordskiftet då Sauda Energiverk AS, tidlegare Sauda kommunale elektrisitetsverk, i 1996 blei selt til Oslo Energi. Bare to år seinare flytta eigarskapet vestover igjen, då Haugaland Kraft AS i 1998 kjøpte det som hadde vore Sauda Energiverk.

Dermed enda ein i den situasjonen at dei øvrige haugalandskommunane sat som eigarar av det lokale linjenettet i Sauda.

Historia gir imidlertid ingen rettar til tilbakekjøp. I sitt brev til Bokn kommune skriv rådmann Rune Kloster Tvedt at Sauda kommune er klar over eigarkommunane sin forkjøpsrett til Bokn-aksjane. Ein har heller ikkje interesse av å utfordra den forholdsmessige eigarskapen kommunane har i Haugaland kraft.

Klar til å handla

Karmøy kommune er med sine 38,24 prosent av aksjane den største eigaren i Haugaland Kraft AS, ifølge kraftselskapet sin årsrapport for 2018. I realiteten sit karmøybuane med all makt i spørsmålet om kor aksjane frå Bokn skal hamna.

Ordførar Jarle Nilsen (Ap) ser det som lite sannsynleg at Sauda blir ein del av det gode (kraft)selskapet i denne omgangen.

– Karmøy kommune har ein eigarstrategi som går ut på at me aldri skal ha mindre enn 1/3 av aksjane i Haugaland Kraft. Fusjonar og oppkjøp dei siste åra har vatna ut eigardelane dei siste åra, så me ønsker å sikra oss fleire aksjar nå i tråd med vår eigen strategi, opplyser han.

– Ifølge aksjelova er det slik at den største aksjonæren får høve til å kjøpa heile den ledige aksjeposten. Så må dei øvrige aksjonærane krevja å få kjøpa sin forholdsmessige del av desse innan ei viss tid, og då er Karmøy i tilfelle pliktige til å selja, forklarer Nilsen.

Måndag denne veka vedtok eit samrøystes kommunestyre på Karmøy å nytta pengar dei har på bok og forkjøpsretten og kjøpa aksjane frå Bokn kommune.

– Det er ikkje sannsynleg at Sauda kommune får komma inn på eigarsida slik situasjonen er per i dag. Det ville nok vore meir sannsynleg dersom det var ein større aksjepost som nå låg ute for sal.

– Så dersom Sauda skal få høve til å bli eigar i Haugaland Kraft, må andre eigarar villa selja aksjar?

– Det stemmer. Men så vil jo forkjøpsretten dei andre kommunane har vera gjeldande også då. For at Sauda skal få kjøpa aksjar, må alle eigarane vera einige i at det er ein god idè å få Sauda med på laget, slår Nilsen fast.

– Når det er sagt, er me opptatt av å ha eit ryddig og godt samarbeid på Haugalandet, både administrativt og politisk, noko eg synest me har i dag.

Mjølkeku

Rådmannen skriv i sitt brev at kraftselskapet sin aktivitet i Sauda er blitt drøfta i kontaktmøte mellom Haugaland Kraft og Sauda kommune, og at det har kome fram gjensidig interesse for at Sauda skal komma inn på eigarsida. Dette er imidlertid meir av akademisk interesse, all den tid det er eigarane som eventuelt må gi klarsignal for at dette skal kunna skje.

For tida er det kanskje i overkant mykje å håpa på for Sauda sin del, så lenge Haugaland Kraft går godt og eigarane haustar solide utbytte.

– For 2018 fekk Karmøy kommune over 100 millionar kroner i utbytte frå Haugaland Kraft, kjært tilkomne kroner som er med på å finansiera eit godt tenestetilbod i kommunen, opplyser karmøyordførar Nilsen.

Valde å ta eit initiativ

Fungerande ordførar i Sauda, Asle Rafdal (Ap), opplyser at det ikkje ligg så mykje meir bak henvendinga enn det som går fram i brevet.

– Ordførar Asbjørn Birkeland og rådmannen var einige om at det var greitt å ta eit initiativ og visa interesse for aksjane som nå kjem for sal. Eg kjenner ikkje til at det skal ligga så mykje meir bak enn det, seier Rafdal.

– Er det litt forsmedeleg å sjå at Suldal kommune nå er kome inn på eigarsida, medan Sauda står utanfor, all den tid «gamle Sauda Energiverk» er ein del av porteføljen til selskapet?

– Det politiske fleirtalet i Sauda den gongen energiverket blei selt, meinte eit sal var den rette tingen å gjera då. Med avkastingane eigarkommunane mottar frå Haugaland kraft i dag, kan ein sjølvsagt seia i dag at det var feil å selja. Men det kunne gått andre vegen, og då ville me sett annleis på det. Uansett kan me ikkje anna enn å forholda oss til det som blei gjort den gongen, slår Asle Rafdal fast.

Haugaland kraft

# Blei etablert i 1998 ved at Haugesund Energi og Karmsund Kraftlag slo seg saman. Etter ei omstrukturering av verksemda i 2015 ble selskapet organisert som eit konsern.

# Består av eit morselskap og tre heileigde dotterselskap; Haugaland Kraft Nett AS, Haugaland Kraft Fiber AS og Haugaland Kraft Energi AS. Er i tillegg majoritetseigar i Sunnhordland Kraftlag AS og Afiber AS.

# Hadde eit årsresultat på 746 millionar kroner i 2018 og betalte ut til saman 280 millionar kroner i utbytte til eigarane. Eigenkapitalen er på 8,7 milliardar kroner.

# Konsernet hadde i 2018 377 tilsette.

Haugaland kraft sine eigarar: