Ubedne gjester har knust ruter og tømt brannslokkingsapparat i det gamle yrkesskulebygget på Nesøyra. Foto: Knut Atle M. Seim.
Ubedne gjester har knust ruter og tømt brannslokkingsapparat i det gamle yrkesskulebygget på Nesøyra. Foto: Knut Atle M. Seim.

Ber om tips etter skadeverk

Uvisst kva tid øydeleggingane har skjedd.

Politiet var før helga på synfaring i det gamle yrkesskulebygget på Nesøyra etter at det var blitt meldt om skadeverk, mellom anna i form av knuste ruter.

– Det er snakk om 15-20 knuste ruter, nokre av dei har nok vore øydelagde ei stund. Det var i tillegg gjort øydeleggingar inne og tømt nokre brannslokkingsapparat, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Det er for tida ikkje aktivitet i denne delen av bygget.

Opplysningar politiet har fått tyder på at skadeverket kan ha skjedd for ei tid tilbake.

– Dersom nokon har sett eller høyrt aktivitet i området, vil politiet gjerne ha informasjon om dette. Me er òg interessert i observasjonar om når rutene sist var heile, slik at me kan finna ut kva tid skadeverket har skjedd, seier Indrebø.