Fredag eksploderte eit gasskjøleskap i ei hytte i Herheimsdalen. Nå ber brannvesenet hyttefolk om å sjekka pakningar og slangar før dei trykker på tennaren til kjøleskapet. Foto: Steinar Albrethson, Sauda brannvesen.
Fredag eksploderte eit gasskjøleskap i ei hytte i Herheimsdalen. Nå ber brannvesenet hyttefolk om å sjekka pakningar og slangar før dei trykker på tennaren til kjøleskapet. Foto: Steinar Albrethson, Sauda brannvesen.

Åtvarar mot gasskjøleskap

Fleire hyttebrannar i Sauda kan etter alt å dømma knyttast til kjøleskap drivne av gass.

Mykje tyder på at branntilløpet i ei hytte i Herheimsdalen fredag var den femte hyttebrannen på få år der gasskjøleskap er involvert. Nå går brannvesenet ut med ei generell åtvaring, der dei oppmodar hyttefolket om å vera forsiktige.

– Me kan ikkje bevisa noko, men det ligg føre gode indikasjonar på at fem brannar eller tilløp til brannar dei siste åra skuldast feil med gassdrivne kjøleskap, opplyser Steinar Albrethson i det kommunale brannvesenet. I det eine tilfellet brann hytta heilt ned, i eit anna blei bygget kraftig forkola. To av tilløpa har sløkt av seg sjølv.

– Hytteeigaren i Herheimsdalen var utruleg heldig. Då kjøleskapet eksploderte, blåste trykket ut brannen, opplyser Albrethson.

Brannane oppstår i samband med tenning av kjøleskapa, eller kort tid etter.

Vedlikehald viktig

I åtvaringa frå brannvesenet blir det påpeika at det er svært viktig å følga bruksrettleiinga og reingjera og vedlikehalda gassdrivne kjøleskap.

– Det som typisk skjer er at gasslangar og pakningar blir gamle og morknar. Då blir det lett lekkasjar og det endar fort med at ein får ein eksplosjon, forklarer Albrethson.

Slangen frå gassbehaldaren til kjøleskapet er elles datomerka, og skal sjølvsagt skiftast når merkinga tilseier det.

Reglane for røykvarslarar og sløkkemiddel er dei same for hytter som for bustadhus.

– Det er viktig å ha ein fungerande røykvarslar i nærleiken av kjøleskapet, helst kopla opp til andre røykvarslarar, slår Albrethson fast.

Han legg til at dersom ein er usikker på kva rutinar som gjeld for sitt kjøleskap, finst det mykje dokumentasjon tilgjengeleg på nettet.