Både deltakarane og dei frivillige som sikra gjennomføringa av integreringsarrangementet var stolte då Brekkestølsnuten blei nådd. Foto: Privat.
Både deltakarane og dei frivillige som sikra gjennomføringa av integreringsarrangementet var stolte då Brekkestølsnuten blei nådd. Foto: Privat.

Flyktningar til topps på Brekkestølsnuten

Til topps-suksessen frå i fjor blei vidareført. 32 flyktningar kom til Sauda for å bestige Brekkestølsnuten og ha ei helg saman.

I fjor sommar arrangerte Sauda Røde Kors saman med Rogaland Røde Kors eit integreringsarrangement for flyktningar i regionen. Den nest siste helga i juni gjentok dei suksessen, og ein ny topptur venta for årets deltakarar. Denne gong stod Brekkestølsnuten på menyen for dei 32 deltakarane frå regionen.

Ola Breivik, som bidrog i gjennomføringa av arrangementet, opplyser at flyktningar busett i Sauda også blei invitert med, slik at turfølget talde 55 personar, inkludert frivillige frå Sauda Røde Kors og Sauda Turlag.

– Rogaland Røde Kors spurde om me kunne gjennomføre ei slik helg også i år, og det hadde me lyst til. Turen til Brekkestølsnuten var ei fantastisk oppleving. Me fekk gjere noko saman, på tvers av språk og kulturar, og det var ingen som klaga. Eg har gått mykje på tur på Hardangervidda og andre stader, og det er alltid nokon som har ein merknad. Her var det ingen merknadar, det var bare ein fantastisk positivitet, seier Breivik.

Samarbeid i sentrum

Sjølv om toppturen var hovudmålet for helga, var helgeturen til Sauda meir enn ein fjelltur. Deltakarane kom til Sauda på fredagen og reiste heim, med båt til sørfylket eller buss til Haugalandet, søndag.

– Det skulle vere eit integreringsopplegg, kor det også var fokus på å lære språk, kultur og anna. Me hadde veldig fokus på samarbeid. Dette var noko dei skulle gjere saman, og dei skulle vere avhengige av kvarandre, både med matlaginga gjennom helga og på turen på laurdagen, forklarer Breivik.

– Alt er mogleg

Totalt brukte turfølget sju timar tur/retur til Brekkestølsnuten frå parkeringsplassen på Skeivane.

– Me kom opp. Alle hjelpte kvarandre, det er utruleg kva som går når folk er positive og innstilte på å få noko til. Inst inne var eg usikker sjølv på om me kom til å klare det, men det gjekk jo veldig bra. Eg seier at alt er mogleg når ein legg godviljen til, folk er positive og ein stoler på kvarandre. Det var veldig kjekt å sjå at det lukkast, seier turleiaren.

13 nasjonar på tur

Flyktningane som kom frå andre stader i Rogaland var alle del av introduksjonsprogrammet i sine respektive kommunar. Det gjorde at det blei gjensyn med nokre av deltakarane som også deltok i fjor, då turen gjekk til Hovlandsnuten.

Til saman var 13 nasjonar representert i turfølget. Deltakarane var frå Sudan, Uganda, Eritrea, Somalia, Syria, Iran, Afghanistan, Iran, Nederland, Romania, Tyrkia, Norge og Canada.