Oppstarten av ei ny desentralisert sjukepleiarutdanning hang ei stund i ein tynn tråd, men nå er det klart at tilbodet startar opp i tråd med den opprinnelege planen.
– Sauda, Suldal og Vindafjord hadde i utgangspunktet fire studieplassar kvar, men dei andre to klarte ikkje å fylla sin kvote. Dermed såg det litt spøke ut ei stund, men ved å tilby plassar til Haugesund, Tysvær og Karmøy, fekk me nok studentar til å setta i gang, opplyser personalsjef Ann-Helen Eik-Nes i Sauda kommune.
Dermed startar seks saudabuar til hausten opp med sjukepleiarutdanning i regi av Høgskulen på Vestlandet. Det er tidlegare arrangert to desentraliserte sjukepleiarutdanningar og ei for vernepleiarar som eit lokalt kommune/høgskule-samarbeid.
– Korleis er situasjonen nå med omsyn til kvalifiserte sjukepleiarar i kommunen?
– Per i dag er me godt stilt, sjølv om det alltid er krevjande å få kabalen til å gå opp i ferietida. Me treng likevel heile tida påfyll med folk, så eg er superglad for at dette utdanningstilbodet nå kjem i stand, seier Eik-Nes.