Glad og litt skjelven kunne Beth-Iren Sund Risvold laurdag konstatera at det finst stor laks i saudaelvane. I sitt første forsøk som elvefiskar drog ho i lande denne ruggen på 12,1 kilo. Foto: Vidar-Alexander Risvold.
Glad og litt skjelven kunne Beth-Iren Sund Risvold laurdag konstatera at det finst stor laks i saudaelvane. I sitt første forsøk som elvefiskar drog ho i lande denne ruggen på 12,1 kilo. Foto: Vidar-Alexander Risvold.

Pangstart for elvefisket

Beth-Iren Sund Risvold landa laks på 12,1 kilo i Nordelva.

Regnet dei siste dagane kom som ei gåve frå høgare makter for lokale laksefiskarar som talde ned til starten på årets elvesesong i saudaelvane. Møtet med ei vassrik Nordelva blei ekstra hyggeleg for Beth-Iren Sund Risvold, som laurdag kveld debuterte som elvefiskar.

– Eg fekk fast fisk etter fem-seks kast. Eg forstod at det var bra storleik på han, men hadde ikkje sett for meg noko slikt, fortel den glade fiskaren dagen etter storfangsten.

Med god hjelp frå ektemann Vidar-Alexander, som kleppa fisken, låg det ein liten halvtime seinare ein laks på 12,1 kilo på steinane ved elvebreidda.

– Det gjekk ikkje heilt opp for meg kor stor han var med det same. Og eg var skjelven i fleire timar etterpå. Dette var ei oppleving for livet medgir den stolte fiskaren.

Første gongen

For Beth-Iren, som opprinneleg er frå Kopervik, var fiskeopplevinga like nedanfor Høllandsfossen hennar første forsøk som elvefiskar.

– Eg har fiska mykje i sjøen, men dette var første gongen i elv, opplyser ho.

– Korleis kom du på å prøva deg i elva?

– Eg vann eit fiskekort på årsmøtet til Sauda jeger- og fiskerforening. Det vil seia eg kunne velja mellom småviltkort og fiskekort, og eg har jo ikkje jegerprøven, så då blei det fiskekort.

Ho fortel at ho har gleda seg til å prøva fiskelukka, og bestemte seg for å prøva Høllandshølen når tida endeleg var inne.

– Det var mykje vatn der når eg kom og eg fekk råd av nokre meir rutinerte fiskarar om prøva ein anna stad, då dei meinte det var i overkant stor vassføring. Me eg var fast bestemt på at det var der eg skulle fiska, forklarer ho.

– Kva beit fisken på?

– Møresild. På ei gammal Spareland-fiskestong.

Heime på Egne Hjem blei fisken tatt hand om på beste vis, og det blei til og med ein liten smaksprøve til kveldsmat.

– Blir det fleire fisketurar i elvane, eller er du alt fornøgd med årets fiskesesong?

– Eg er fornøgd, men det blir nok fleire forsøk, så lenge eg har nokon med som kan hjelpa meg med å få fisken på land.

Søndag formiddag var Sund Risvold tilbake i elva, men denne gongen uteblei fangsten.

Seks laks så langt

Ved middagstider søndag var det totalt rapportert inn seks laksar på nettstaden saudaelvane.no, tre i kvar elv. Nest største fisk så langt er tre laksar på fem kilo. Yngste fiskar i statistikken er seks år gamle Trym Brekke Abotnes, som nok òg fekk ei oppleving av dei sjeldne då han søndag føremiddag fekk ein laks på 4,2 kilo ikkje langt frå der Beth-Iren Sund Risvold sikra storfangsten dagen før. Sund Risvold sin laks er høgst sannsynleg blant dei største som er tatt i saudaelvane dei siste tiåra.

Fiske ut august

Laksefisket i saudaelvane pågår dette året frå 20. juli og ut august månad, avgrensa til dagane torsdag til søndag. Det er sett ein kvote på 15 laks i Storelva og 20 i Nordelva og kvar fiskar kan bare fiska ein fisk i døgnet.

Blir totalkvotane i elvane nådd før, stenger fisket.

Grunna låg bestand er sjøauren freda i alle vassdrag i Ryfylke.