Det blei avdekka e. coli-bakteriar i ein vassprøve frå drikkevatnet i Hellandsbygd. Saudefaldene har varsla bebuarane og hyttefolk om at ein må koke drikkevatnet frå deira anlegg. Foto: Even Emberland.
Det blei avdekka e. coli-bakteriar i ein vassprøve frå drikkevatnet i Hellandsbygd. Saudefaldene har varsla bebuarane og hyttefolk om at ein må koke drikkevatnet frå deira anlegg. Foto: Even Emberland.

E. coli-funn i drikkevatnet

I helga fekk bebuarar og hyttefolk i Hellandsbygd beskjed om å koke drikkevatnet etter at ein vassprøve viste funn av e. coli-bakteriar.

Direktør i Saudefaldene Svein Ilstad opplyser at ein vassprøve dei fekk resultata av fredag viste funn av e. coli-bakteriar. Etter dialog med Mattilsynet, kommunelege og laboratoriet som analyserte prøven, varsla kraftselskapet alle husstandane i Hellandsbygd som får drikkevatnet gjennom Saudefaldene sitt anlegg.

Føre var-prinsipp

Samla leverer Saudefaldene ifølge Ilstad drikkevatn til mellom 20 og 30 bustader i Hellandsbygd.

– Av dei er det 10-15 bustader som det er fastbuande i, seier Ilstad.

– Me har faste rutinar og rekkefølger på dette, og etter at me diskuterte saka med Mattilsynet og laboratoriet vurderte me at det var riktig å sende ut varsling. I ei slik setting har me eit føre var-prinsipp. Mattilsynet og laboratoriet var einige i at me burde sende ut varsling. Det har ikkje blitt rapportert om nokon form for reaksjonar blant folk, som sjukdommar eller anna, seier Ilstad.

– Litt ekstra arbeid

Leiar i Hellandsbygd Bygdautval Ivar Johannes Handeland opplyser at det er drygt 40 fastbuande personar i Hellandsbygd. Sjølv kom bygdeutvalsleiaren heim frå ferie på søndag.

– Eg visste ingenting om dette før me kom heim. Det er litt ekstra arbeid med at me må koke vatnet, men elles går det fint. Eg håper bare at det blir fiksa så raskt som mogleg, og at det som har gitt e. coli-bakteriar i vassprøven blir funne, seier Handeland.

Avventar nye svar

Saudefaldene tok nye vassprøver av drikkevatnet i går, måndag.

– Me må sjå an korleis svaret blir etter at laboratoriet  har analysert prøvene. Eg har vore i kontakt med dei i dag, og dei seier det er sannsynleg at dei vil ha svar klare rundt lunsjtid tysdag, seier Ilstad måndag.

Folkehelseinstituttet (FHI) opplyser at vatnet må fosskoke når ein kokar drikkevatn for å drepe mikroorganismer som virus, bakteriar og parasittar. I tillegg til drikkevatnet bør ein koke vatn som skal brukast til all mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 varmegrader, utblanding av saft og andre drikkeprodukt, kaffi, isbitar, tannpuss og skylling av frukt, salat og grønsaker.

Ukokt vatn kan ifølge FHI brukast til koking av mat, handvask, dusjing og karbad, manuell oppvask og oppvaskmaskin, klesvask, reinhald i huset og annan bruk i heimen.