Statens vegvesen valde å stenga Fv 520 ved Svandalsfossen og ved Ropeid for å unngå trafikkproblem ved Åsjuvet, der ei flaumstor elv har ført til at vegen for tida ikkje er framkomeleg. Foto: Knut Atle Seim.
Statens vegvesen valde å stenga Fv 520 ved Svandalsfossen og ved Ropeid for å unngå trafikkproblem ved Åsjuvet, der ei flaumstor elv har ført til at vegen for tida ikkje er framkomeleg. Foto: Knut Atle Seim. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Fylkesveg 520 open igjen

Fv 520 blei stengt ved Svandalsfossen. Årsaka til vegstenginga låg imidlertid i Åsjuvet.

Tysdag ved halv ti-tida melde Statens vegvesen at Fylkesveg 520 grunna flaum var stengt ved Svandalsfossen bru. Dette viste seg imidlertid å vera ei sanning med modifikasjonar. Årsaka til vegstenginga var denne gongen ikkje vassføringa i den etter kvart så mykje omtala fossen.

– Stenginga kjem som følge av masse vatn i vegbana i Åsjuvet, opplyser Ove Hausvik ved Statens vegvesen sitt kontor i Haugesund. Han opplyser at det blir jobba med å få vassmassane under kontroll, og ein håpar å få opna vegen igjen om ikkje så lenge.

– Kvifor er vegen stengt ved Svandalsfossen?

– Me har valt å stenga Fv 520 både ved Svandalsfossen og ved Ropeid for å unngå å få trafikk i området ved Åsjuvet, forklarer han.

Også på Fv 46 mellom Skipavåg og Kvaløy skapte vatnet utfordringar for dei vegfarande. Vegen var stengt ein kort periode, men Vegvesenet endra etter kvart dette til å varsla om redusert framkome.

Oppdatert: Klokka 11.31 var Fylkesvegen på vestsida av Saudafjorden open igjen.

Samferdselssjefen i kø

Blant bilistane som fint måtte smøra seg med tålmod tysdag formiddag var leiaren i samferdselsutvalet i Rogaland Fylkeskommune, Arne Bergsvåg (Sp). På veg frå eit møte i Sauda til neste møte på Sand, blei det bom stopp og ventetid ved Svandalsfossen.

– Det er jo på ein måte greitt at eg får oppleva dette sjølv, vedgjekk fylkespolitikaren, sjølv om det isolert sett ikkje var fossen som var problemet denne gongen.

– Det blei nyleg gjennomført testing av glasveggar her, men eg kjenner ikkje til resultata av denne testinga ennå. Uansett reknar eg med at Svandalsfossen blir tema på folkemøtet i Sauda neste veke, sa Bergsvåg, som sa seg einig i at arbeidet med å sikra trafikken gjennom fossen hadde tatt lang tid.

Vått døgn

Vegproblema i indre Ryfylke kjem hovudsakleg som ein følge av store nedbørsmengder det siste døgnet. Ifølge vakthavande meteorolog Gitte Flesland ved Meteorologisk institutt i Bergen fall det 74,7 millimeter nedbør i Sauda frå klokka 0700 måndag til 0700 tysdag. Dette er årets desidert våtaste døgn – så langt.

Regnet har elles skapt meir trøbbel på lokale vegar. Både Tjelmenvegen og vegen til Storskjær blei i formiddagstimane stengt grunna vasskader.

Leiar i samferdselsutvalet i Rogaland Arne Bergsvåg talde på knappane om det ville svara seg å køyra om Brattlandsdalen for å komma seg på møte på Sand. Etter alt å dømma ville han og følget hans komma for seint til møtet uansett… Foto: Knut Atle M. Seim.