Valmøtet er lagt opp slik at det undervegs blir korte bolkar kor to og to politikarar diskuterer og duellerer om ulike tema. I tillegg er utvalde representantar frå arbeidslivet og lokalpolitikarar frå ulike kommunar bedne om å førebu spørsmål til fylkespolitikarane i debatten. Til sist blir det ein plenumsdebatt kor alle dei sju fylkespolitikarane deltar.
Einar Schibevaag og Judith Sørhus Litlehamar leier debatten.
– Eg håper det blir ein debatt om innhaldet i skulane ute i distrikta, og at skulane som Sauda speler ei anna rolle enn dei klassiske skulane i byane. Mitt ønske er at det blir tydeleggjort, og at politikarane forstår at skulen i Sauda har forskjellege oppgåver enn St. Olav i Stavanger. Sauda og andre skular i distriktet har eit mykje breiare måndag, kor ein i samhandling med arbeidslivet formar utdanningstilbod, kurs og anna etter kva distrikta har behov for og treng, seier Schibevaag.
Ryfylke, ikkje bompengar
MOR-konferansen på dagtid blir arrangert av Strand og Sauda vidaregåande skular i samarbeid med ryfylkekommunane, LO Rogaland og NHO Rogaland. Det er drygt 150 personar som er påmelde til konferansen, mellom anna lokal-, fylkes- og stortingspolitikarar, grunnskulen, vidaregåande skular og høgare utdanningsinstitusjonar, samt ei rekke lokale og regionale bedrifter. Dei samlast for å diskutere og høyre om kompetanseutvikling, og korleis ein vil jobbe for å sikre kompetanseutvikling i Ryfylke og ved Sauda og Strand vidaregåande skular.
Valmøtet på kvelden blir arrangert av Sauda Vekst, i samarbeid med dei to vidaregåande skulane i Ryfylke.
– Politikarane sjølv har gitt tilbakemelding om at dette er den største debatten i denne valkampen som set fokus på fylkespolitikk. Det er viktig at folk møter opp, for fylket gir viktige premiss for lokalsamfunna. Tar ein Sauda, så har jo den vidaregåande skulen hundre arbeidsplassar, seier Schibevaag.
– Kva har det å seie at MOR-konferansen blir forspelet til valmøtet?
– Konferansen kjem til å gi politikarane innspel i forkant av debatten. Me skal snakke om Ryfylke og utfordringar me har i Ryfylke gjennom heile debatten. Det skal ikkje handle om andre ting som bompengar. Saker som angår Ryfylke og er viktige for oss er det som skal stå i fokus, forklarer debattleiaren.
Schibevaag opplyser at det er planlagt ei rekke saker og tema som skal debatterast. Blant det han nemner vil bli tatt opp, er korleis fylket skal sikre at alle får ei utdanning, kva fokus har ein på kompetansepolitikk, korleis samarbeider fylkeskommunen med kommunane om kompetansepolitikk, korleis er infrastruktur og logistikk lagt opp for at elevar skal gå vidaregåande skule i Sauda, og om skulesskysstilbodet er lagt til rette for ungdommane, og kva som skjer med Ryfylkefondet nå som Forsand går inn i Nye Sandnes kommune.
Viktig saudasak
Både i forkant og i etterkant av valmøtet vil dei lokale partia i Sauda ha stand i Folkets Hus, kor fylkespolitikarane kan snakke og diskutere med både lokalpolitikarane og veljarar.
– Sauda Vekst og næringslivet ønsker å rette merksemd på viktige saker, og rett og slett stille politikarane spørsmål om dei. Kompetanse er ei kjempeviktig sak. Skal me vidareutvikle samfunnet vårt er me nøydde til å løfte kompetansenivået. Slik kan me ta ut potensialet kvar enkelt bedrift har. Det er ikkje tvil om at hovudessensen for arbeidsmarknaden i Sauda er å ta vare på og vidareutvikle bedrifter som alt finst. Det gjer kompetanse utruleg viktig, fordi det gir evna til å fornye seg, meiner Løyning.
(Bildetekst)
(Eigen boks)
Deltakarar i debatten
Judith Sørhus Litlehamar, debattleiar
Einar Schibevaag, debattleiar
Monica Kvilhaugsvik, andrekandidat SV
Marianne Chesak, fylkesordførarkandidat Ap
Arne Bergsvåg, fylkesordførarkandidat Sp
Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførarkandidat KrF
Kjartan Alexander Lunder, fylkesordførarkandidat V
Ole Ueland, fylkesordførarkandidat H
Margrete Dysjaland, fylkesordførarkandidat FrP
Deltakarar i debatten
Judith Sørhus Litlehamar, debattleiar
Einar Schibevaag, debattleiar
Monica Kvilhaugsvik, andrekandidat SV
Marianne Chesak, fylkesordførarkandidat Ap
Arne Bergsvåg, fylkesordførarkandidat Sp
Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførarkandidat KrF
Kjartan Alexander Lunder, fylkesordførarkandidat V
Ole Ueland, fylkesordførarkandidat H
Margrete Dysjaland, fylkesordførarkandidat FrP