Store steinblokker har rast ut og dekker omlag halve vegen i området mellom Svandalskrysset og Svandalsfossen, ved Djupevik.
Store steinblokker har rast ut og dekker omlag halve vegen i området mellom Svandalskrysset og Svandalsfossen, ved Djupevik. FOTO: Ingvil Bakka

Steinras i Saudasjøen

Store steinblokker sperra halve vegbanen. Fredag føremiddag var vegen rydda og fri for ferdsel.

Det var fredag morgon at det blei meldt inn eit steinras på Fylkesveg 520 mellom Svandalsfossen og Saudasjøen, ved Djupevik.

Store steinblokker sperra halve vegbanen, og Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen vest opplyser at dei varsla entreprenøren om raset klokka åtte. Politiet var på veg til staden kort tid etter. Den andre halvdelen av vegen var open for trafikk.

– Det stemmer at det har gått eit ras på Fylkesveg 520 mellom Svandalsfossen og Saudasjøen. Me har fått melding om at det er eit mindre steinras som dekker halve vegbanen. Entreprenøren blei varsla om hendinga klokka åtte, og me har bede dei sjå på korleis det ser ut, seier Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen vest.

– Kva blir gjort vidare nå?

– Når det er eit mindre steinsprang, så tydar alt på at dette er noko entreprenøren kan rydde. Dei vil sjå på vegen der og då, og så får me tilbakemelding om det må utbetrast noko, eller om dei tar hand om det. Eg kan ikkje seie noko meir på dette tidspunktet, det blir bare spekulasjonar, seier Løvås.

Operasjonssentralen til Sør-Vest politidistrikt opplyser klokka 9.18 at vegen er opna igjen.

– Entrepenør er på staden og har fjerna steinmassen og vil utføre sikringstiltak på stedet. Vegtrafikksentralen har sendt ut mannskap for å vurdere faren for ytterligere ras/skred, skriv operasjonssentralen.