Asle Rafdal håper å få sette seg på båten ut Saudafjorden for å møte på Fylkestinget i den kommande fireårsperioden.
Asle Rafdal håper å få sette seg på båten ut Saudafjorden for å møte på Fylkestinget i den kommande fireårsperioden. FOTO: Even Emberland

Tynt for Sauda til fylkesvalet

Listene til fylkestingvalet tydar på at Asle Rafdal er den einaste saudabuen med ein realistisk sjanse til å få plass på Fylkestinget.

I inneverande periode har Sauda ingen representantar på Fylkestinget i Rogaland. Alan G. Thompson er første vararepresentant for Arbeidarpartiet og slik fast møtande vararepresentant og med ein plass i alle gruppemøte deira fylkestinggruppe har.

Til årets fylkesval er det ti personar på dei ulike vallistene som har Sauda som oppgitt bustadadresse. Høgast på listene står Asle Rafdal for Arbeidarpartiet på tolvteplass, medan Lillian Nordengen er nummer 14 på Senterpartiet si liste. Lisa Stornes står som 19. person på Sosialistisk Venstreparti si liste, medan dei andre sju kandidatane alle står på plassar frå 27.-plass og lågare.

Jobbar for plass

Ser ein på samansettinga av Fylkestinget i dag, er det nåverande varaordførar Asle Rafdal som har størst sjanse for å få ei aktiv rolle i fylkespolitikken. Arbeidarpartiet fekk 13 representantar ved valet i 2015. Om ein legg siste regionale meiningsmåling til grunn, utført av Respons Analyse for Rogaland Høgre 20. august, får Ap 23,6 prosent av stemmene. Om det blir resultatet 9. september, får Arbeidarpartiet elleve representantar, og Rafdal blir ikkje fast representant på Fylkestinget.

– Eg meiner det er viktig for Sauda at me har representantar på Fylkestinget. Aller helst skulle det vore fleire frå ulike parti. Eg meiner det er viktig at me sit rundt bordet, er med i diskusjonane og er med der ting blir vedtatt. Det er like viktig for oss i indre strøk som det er for byane å vere representerte på Fylkestinget, meiner Rafdal.

Rafdal har i valkampen deltatt i paneldebattar, deltatt på konferansar, besøkt fleire skular i fylket og reist rundt for å sjå nye stader i Rogaland som han ikkje har kjent til tidlegare.

– Sidan eg først sa ja til å stå på lista og i ein vippeposisjon, så gjer eg jo det eg kan for å ta plassen, seier han.

Auge som følger med

Senterpartiet blei det suverent største partiet i Sauda ved lokalvalet i 2015, kor dei var eitt mandat frå reint fleirtal i kommunestyret. Også i fylkestingvalet gjorde Sp det svært godt i Sauda med 20,1 prosent av stemmene. Det var 12,6 prosentpoeng meir enn oppslutninga i Sauda ved fylkestingvalet i 2011.

Ordførar Asbjørn Birkeland er tydeleg på at ein helst skulle hatt éin kandidat frå Indre Ryfylke og gjerne Sauda på sikker plass hos alle fylkespartia. I perioden 2011-2015 var saudabuane Laura Seltveit (Arbeidarpartiet), Klara Tveit (Sosialistisk Venstreparti) og Ivar Tangeraas (Høgre) fast møtande representantar på Fylkestinget.

– Det handlar om å ha ei stemme, og ikkje minst at ein har nokon som følger med på alt som skjer i diverse utval og anna. Om me ikkje har det, så er det ingen som automatisk les alle sakene og kan bidra med eit syn som har Sauda- og Indre Ryfylke-perspektiv. Når det er sagt, så føler eg at Sauda og fleire av lokalpartia her, oss sjølv inkludert, har gode forbindelsar til sine fylkesparti. Det gjer at eg synest me blir høyrt når det er saker som angår oss, seier Birkeland.

– Kva trur du gjer at det er vanskeleg å ha saudanamn høgt på dei ulike listene til Fylkestinget?

– Eg trur det er for lite attraktivt. Det tar veldig mykje tid, og du skal gjere dette på fritida di. Det er mykje reising, og belastninga er litt høg. Så har me i Sauda kanskje ikkje vore dei flinkaste til å bygge opp politikarar. Tidlegare har me hatt mange frå Sauda inne på Fylkestinget for forskjellege parti, men det var ingen som stod i kø då dei gjekk ut. Det handlar om å bygge gode lag. Eg trur kanskje alle partia kan gå litt i seg sjølv for å jobbe fram kandidatar og bygge dei opp fram mot neste fylkestingval, meiner Birkeland.

– Kva gjer at Sauda Sp ikkje er representerte på sikker plass?

– Me er eit godt døme, trur eg. Me kunne hatt ein kandidat på sikker plass som representerte Senterpartiet i Sauda om me hadde hatt ein person som verkeleg ønska det. Dei personane er vanskelege å finne, og me lykkast ikkje med det denne gongen, seier Birkeland.

Rogaland, ikkje Sauda

Både Birkeland og Rafdal understreker at ein på Fylkestinget ikkje representerer Sauda, men Rogaland, og at det er partipolitikken for fylket og regionen som må bli prioritert.

– Det kan nok gjere at det er vanskelegare for saudabuar å engasjere seg. Det er mange som engasjerer seg i lokalsamfunnet og vil bidra for Sauda, men eg trur den motivasjonen forsvinn litt om ein skal jobbe for heile fylket. Skal eg representerte Jæren òg? Og ja, det skal ein på Fylkestinget, for der representerer ein Rogaland. Det er det første ein drillar på Fylkestinget, at du representerer fylket, men samtidig er det sånn at alle har geografisk tilhørigheit til ein plass, du kjem frå ein plass. Der er det bare sunt om også Indre Ryfylke og Sauda er representerte, meiner Rafdal.