Ingeborg Frøystad kasta 30,09 meter under UM og tok sølv. Maren Stensvåg Seim (bak) kasta 29,06 og tok bronse.  
Ingeborg Frøystad kasta 30,09 meter under UM og tok sølv. Maren Stensvåg Seim (bak) kasta 29,06 og tok bronse.   FOTO: Vestpress

Henta heim èin sølv og to bronse

19-åringane Ingeborg Frøystad og Maren Stensvåg Seim er fornøgde etter sitt alle siste Ungdomsmeisterskap.

­ – Det blei ingen ny pers, men det beste kastet mitt var like bak, fortel Ingeborg Frøystad, som saman med Maren Stensvåg Seim deltok i Ungdomsmeisterskapet (UM) i friidrett på Jessheim i helga.

Ingeborg debuterte som deltakar, etter å ha kvalifisert seg til spydkastkonkurransen. Persen hennar er på 30,35 meter, noko som før UM rangerte henne på ein 13. plass i norgesstatistikken for jenter 18/19 år. Under UM-konkurransen laurdag var det lengste kastet hennar 30,09. Dette sikra henne sølvmedalje i klassen.

Tok bronse

Maren Stensvåg Seim hadde også kvalifisert seg til spydkastkonkurransen i UM, og sette i vår ny pers med eit kast på 36,5 meter. I tillegg hadde ho kvalifisert seg til diskoskonkurransen etter eit kast på 34,31 meter. Persen hennar i diskos, 35,05 meter, blei sett i fjor. Maren, som tidlegare har tidlegare tatt gull og to bronse i kastøvingar under UM, deltok i år for femte gong i UM.

Ifølge trenar Rune Haugsvær fekk ikkje Maren det heilt til i spydkastkonkurransen laurdag. Ho kasta 29,60 meter og fekk bronse. Ho hadde også eit lengre kast som blei dømt ugyldig. Lengstekastet hennar gav henne bronseplassen i spydkastkonkurransen.

I diskoskonkurransen hadde Maren fleire kast over 30 meter. Det beste, 32,82 gav henne tredjeplassen i klassen Jenter 18/19 år.

– Eg er eigentleg heilt greitt fornøgd. Det var eit bra UM, seier 19-påringen, som studerer i Haugesund.

Fekk ei bonusøving

For å delta i UM må ein vera kvalifisert i minst éi konkurransegrein. Har ein det, kan ein også velga å delta i ein ekstra konkurranse, som ein ”bonus”.

– Dette fordi det er langt å reisa, og litt dumt bruka ei heil helg på bare éin konkurranse. Alle får ei ”bonusøving”, forklarer trenar Rune Haugsvær.

Ingeborg valde å delta i lengde.

– Det gjekk ikkje heilt bra. Eg hamna på sisteplass, fortel ho blidt.

I det første hoppe mista ho balansen og måtte ta eit skritt tilbake. Dette hoppet blei målt til 4,22 meter. Det neste hoppet var mislykka, det tredje var eit bra og langt hopp, som dessverre blei dømt ugyldig etter eit overtramp.

Ingeborg Frøystad bur og trener i Sauda utover hausten, medan ho ventar på å gå inn i forsvaret i januar.

Maren Stensvåg Seim valde ingen bonusøving i år.

Dette var siste gong Maren og Ingeborg kan delta i UM. Trenar Rune Haugsvær har tru på at Sauda kan stilla med deltakarar også komande år.

– Me har fleire unge utøvarar som kan klara å kvalifisera seg, seier han.

Maren Stensvåg Seim har ein pers på 35,05 i diskos. I UM blei lengstekastet hennar 32,82 meter, noko som gav henne bronse. Foto: Vestpress.

Resultat:

Jenter 18/19 år, spyd (600 gram), 4 deltakarar:

  1. Lotte S. Nordås, Romerike Friidrett, 43,66
  2. Ingeborg Frøystad, Sauda IL, 30,09
  3. Maren S. Seim, Sauda IL, 29,60

Jenter 18/19 år, diskos (1 kilo), 6 deltakarar:

  1. Hedda H. Aasgård, FIL AKS-77, 41,04
  2. Oda M. Myklebust, Bergen TF, 36,68
  3. Maren S. Seim, Sauda IL, 32,82

Jenter 18/19 år, lengde,14 deltakarar:

  1. Martine K. Hjørnevik, Norna-Salhus IL, 5,61
  2. Ingeborg Frøystad, Sauda IL, 4,22