Frå laurdag ettermiddag og 24 timar framover kan det falla opptil 100 millimeter nedbør.
Frå laurdag ettermiddag og 24 timar framover kan det falla opptil 100 millimeter nedbør. FOTO: Arkiv.

Våt helg i vente

Flaum- og skredfare i vente på heile Vestlandet.

Frå laurdag ettermiddag blir det varsla store nedbørmengder på Vestlandet. Ifølge yr.no er det venta regn og kraftige regnbyger over heile området, og lokalt kan det komma så mykje som 100 millimeter nedbør på 24 timar. Det er førebels usikkert kva område som får aller mest nedbør.

Norges Vassdrags og energidirektorat, NVE, gjekk torsdag ut med varsel om flaum og jordskredfare, gult nivå for heile landsdelen. Skredfaren vil vera størst der bygene treff. Temperaturen vil stiga noko og føra til at nysnø som kom i fjellet torsdag vil smelta.

Ved kysten er det venta vindkast frå vest i opptil 25-30 meter per sekund.