Torsdag om snaue tre veker inviterer Sparebanken Vest til gratis Hjertebank-konsert i Saudahallen. Blant publikum vil det høgst sannsynleg sitta mange som er spente på om deira prosjekt er blant dei åtte-ti som får dela èin million kroner.
I august inviterte Sparebanken Vest gode prosjekt i Sauda og Suldal til å søka om pengestøtte. Responsen var bare sånn passe – ei stund. For etter kvart som det nærma seg søknadsfristen, tikka det inn søknad på søknad. På nettsidene til Hjertebank-kampanjen står det nå lista opp ikkje mindre enn 75 søknader. 46 av desse gjeld prosjekt i Sauda, dei øvrige 29 Suldal.
Stor variasjon
Kravet for å søka om midlar, var at søkaren hadde eit organisasjonsnummer og arbeidde for å gjera livet i heimkommunen endå litt betre. Blant Sauda-søknadene finn ein alt frå utviklingsprosjekt og tilstellingar innan idretts- og kulturlivet til store trivselstilstellingar for alle. Søknadssummane spenner frå uoppgitt og nokre tusenlappar og opp til fleire hundre tusen kroner.
Ei rekke av tiltaka det blir søkt om støtte til synest å falla inn under formålet om å gjera Sauda og Suldal til betre stader å bu. Dermed ligg det ein formidabel jobb foran den lokale juryen som skal velja ut kva prosjekt som skal tildelast støtte.
Tysdag offentleggjorde Sparebanken Vest at det er Eva Weel Skram, Isah og DJ Boge som kjem til Saudahallen, i eit show leia av Vegard Harm og Morten Hegseth.