Det var færre besøkande i Allmannajuvet denne sommaren samanlikna med sist sommar. Nå arbeider Sauda Ferie & Fritid og andre med korleis ein skal utvikle turistanlegget. Via Ferrata, zipline og konsertar er nokre av forslaga ein har diskutert.
Det var færre besøkande i Allmannajuvet denne sommaren samanlikna med sist sommar. Nå arbeider Sauda Ferie & Fritid og andre med korleis ein skal utvikle turistanlegget. Via Ferrata, zipline og konsertar er nokre av forslaga ein har diskutert. FOTO: Knut Atle M. Seim

Mindre interesse blant saudabuar

Besøkstalet i Allmannajuvet i sommar gjekk ned med 24 prosent samanlikna med i fjor sommar.

I løpet av sommarmånadene registrerte den elektroniske teljaren 13 369 besøkande i Allmannajuvet i år. Til samanlikning registrerte teljaren ifølge Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid 17 580 besøkande i sommarmånadene i fjor. 2018 var første år kor turistanlegget var ope og i full drift. Tala viser at det var 24 prosent færre besøkande i Allmannajuvet i sommarmånadene i år samanlikna med i fjor.

– Me har sett litt på kva som kan ligge bak nedgangen. Det som heilt klart er ein tendens er at lokalbefolkninga sitt besøk har gått veldig ned. Det er ikkje unaturleg, for i fjor hadde nok anlegget nyheitas interesse for mange, og saudabuar tok med seg venner og kjente for å sjå gruvene, seier Fosstveit, dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid, som sørger for drifta i turistanlegget i Allmannajuvet.

Vurderer nye tilbod

Torsdag i førre veke heldt Sauda Ferie & Fritid, Sauda kommune og Turistvegseksjonen i Statens vegvesen eit oppsummeringsmøte i Sauda etter årets sommarsesong.

Der blei også Allmannajuvet si vidare utvikling diskutert. Korleis skal turistanlegget tilpasse seg turistane? Kva tilbod vil ein satse på? Kva skal endrast på? Kva skal styrkast?

I kaféen i Allmannajuvet har Sauda Ferie & Fritid og dei som har jobba der ført opp kva nasjonalitet dei besøkande har. Til saman registrerte dei 4 049 besøk i kaféen i sommar. Der nordmennene var betydeleg færre samanlikna med i fjor, var talet på utanlandske turistar som besøkte Allmannajuvet på cirka same nivå som i fjor.

– Men den norske marknaden er framleis klart størst for oss. Og me ser at ein av tendensane i det norske reiselivet generelt er at fleire nordmenn ferierer i Norge. Dei skal me satse vidare på, for dei er den absolutt største gruppa me har.

– Kva nye tilbod og moglegheiter vurderer de for neste sesong og framtida?

– Det er forskjellege ting. Éin ting går på galleriet med utstillinga der. Der vurderer me å endre både bildematerialet og gjenstandane som er på utstilling. Så er det andre forslag som går på korleis me kan utvikle Allmannajuvet. Det er gode forslag på å bruke plassen til konsertar og andre type arrangement. Ei tredje moglegheit går i den meir ekstreme retninga, kva moglegheiter har me der? Eitt av forslaga er å lage ein Via Ferrata, og zipline har vore diskutert. Me ser på moglegheitene for å bruke området til andre aktivitetar. Mykje er alt lagt til rette med tanke på parkeringsplassar og infrastruktur, seier Fosstveit.

Gode tilbakemeldingar

Han understreker at masseturisme med fleire hundre tusen besøkande er noko som er urealistisk slik Allmannajuvet og området er i dag.

– Me er nøydde til å stikke fingeren i jorda og erkjenne at det ikkje kan bli masseturisme slik det er i dag, for det begrenser seg sjølv kor mykje folk du kan ta inn i området på likt. Eg trur også at noko av styrken til anlegget i dag er at det ikkje er overbefolka. Turistane som er der blir sett, og dei får informasjon og svar på ting dei lurer på. Det trur eg er noko me må prøve å dyrke vidare, meiner Fosstveit.

Likevel, sjølv om han før sesongen såg for seg at besøkstalet kunne gå litt ned samanlikna med i fjor, så venta han ikkje at det skulle gå ned med 24 prosent.

– Ein liten nedgang var ikkje overraskande, men at han blei så stor, overraska meg litt. Tilbakemeldingane har vore gode både frå turistar og Turistvegseksjonen i Vegvesenet. Dei er fornøgde med korleis anlegget fungerer, men me må jobbe for at flest mogleg veit om tilbodet, seier Fosstveit.