Eldrerådet føler seg lite lytta til. Frå venstre og rundt bordet: Thormod Gilje, Lars Øverland, Evelyn Austerheim, Ragnhild Ness, Mari S. Aarthun (sekretær), Asle Rafdal og Knut Halland.
Eldrerådet føler seg lite lytta til. Frå venstre og rundt bordet: Thormod Gilje, Lars Øverland, Evelyn Austerheim, Ragnhild Ness, Mari S. Aarthun (sekretær), Asle Rafdal og Knut Halland. FOTO: Ingvil Bakka

Eldrerådet krev svar

Medlemmene i Eldrerådet er leie av å ikkje få tilbakemeldingar når dei tar opp konkrete saker, og ønsker at både politisk og administrativ kommuneleiing tar dei på alvor.

– Eg har vore med i eldrerådet i tolv år. Eg har aldri opplevd at me har høyrt så mykje som eit pip etter at me har tatt opp saker som har vore viktige for oss, seier Evelyn Austerheim, medlem i Sauda sitt kommunale eldreråd.

Fleire saker

Eldrerådet i Sauda har møte kvar tredje månad, og har med det fire møte i året. Fire representantar i Eldrerådet er valt av dei eldre sjølv, medan to er politisk valde frå kommunestyret. Ordførar Asbjørn Birkeland (Sp) er fast medlem, saman med Arbeidarpartiets Knut Halland. I gårsdagens møte hadde Birkeland meldt forfall, og varaordførar Asle Rafdal (Ap) tok hans plass. På saklista denne måndagen stod både ei orientering av KOSTRA-tal i pleie og omsorg av kommunalsjef Aina Olene Tveit, parkeringsutfordringar ved Eldresenteret, hjarteredning og etterlysing av rekkverk i trappa ved gravplassen på Solbrekk.

Anstrengt dialog

Eit tema i møtet blei også Eldrerådet sin innflytelse og rådgivarrolle både for administrasjonen i kommunen og for dei politiske organa i Sauda.

– Me tar opp mange saker og gjer fleire vedtak, men får aldri noko tilbakemelding. På valmøtet me arrangerte på Folkets Hus sa alle partia at ”jodå, dei las vedtaka frå Eldrerådet”, men eg er usikker på kor seriøst dei tar oss, seier rådsleiar Ragnhild Ness.

Ei sak som har engasjert Eldrerådet og Sauda pensjonistforening i det siste er parkeringsutfordringar ved Eldresenteret, der dei eldre opplever at dei har mista mulegheitene til å parkera bilar i nærleiken til møtestaden sin. Ness kunne fortella at dialogen med kommuneadministrasjonen har vore anstrengt og dårleg, noko også rådmann Rune Kloster Tvedt innrømma i sist formannskapsmøte.

Ønsker å bli involvert

– Denne saka var eit tema i formannskapet sist. Har Eldrerådet eller pensjonistforeininga fått eit svar? Det synest eg de bør forventa å få, sa politikar Asle Rafdal under møtet i Eldrerådet.

Ragnhild Ness hadde formulert ein vedtakstekst, der Eldrerådet er tydelege på at dei forventar at alle partar blir involvert når det gjeld slike endringar som nå er gjort med tanke på parkering rundt Høllandstunet.

– Eg meiner me som bruker Eldresenteret på Høllandstunet må få informasjon på førehand, at det ikkje bare blir gjort endringar utan at me får uttala oss, sa Ness.

– Eg tenker at det må gå an å halda ein god dialog mellom partane, og klara å finna fram til minnelege løysingar her, sa Lars Øverland.

Medlemmene i Eldrerådet blei einige om å alltid kreva svar eller tilbakemelding når dei tar opp ei sak eller henvender seg til administrativ eller politisk leiing i kommunen.

Møte i Eldrerådet

Stad og tid: Møterommet på biblioteket, måndag 23. september, kl. 10-11.

Møteleiar: Ragnhild Ness.

Til stades: Ragnhild Ness, Evelyn Austerheim, Lars Øverland, Thormod Gilje, Knut Halland, Asle Rafdal.

Saker:

  • Godkjenning av møteprotokoll frå møtet 03.06. 2019.
  • Referatsaker til møte i Eldrerådet 23.09. 2019.
  • Ope brev til Eldrerådet og den politiske leiinga i kommunen. Kommunal eldrepolitikk i praksis.
  • Orientering av KOSTRA-gjennomgang i helse og omsorg.
  • Hjarteredning.
  • Trapp på Solbrekk.
  • Orienteringssak.