På tide å stille eiga liste?

Ved fleire høve dei seinare åra har representantar for eldrerådet gjennom avisa gitt uttrykk for å ikkje bli høyrt av kommunen si politiske og administrative leiing. Forslaga frå rådet fell på steingrunn og møter dels lita forståing blant dei som sit med makta.

Eldrerådet er ein del av det kommunale styringssystemet og kommunane er forplikta til å ha eit eige eldreråd. Fleirtalet i eldrerådet skal vera alderspensjonistar. Oppgåva til rådet er å sikra at dei eldre sitt syn på saker som gjeld dei eldre, blir ein del av grunnlaget for avgjerder som blir fatta. Rådet skal opptre tverrpolitisk og uavhengig. Med andre ord skal tilrådingar gis uavhengig av partipolitiske standpunkt.

Det er ikkje bra når ei interessegruppe som Eldrerådet opplever det som at dei er med «på kjøt og flesk». Som ei stadig veksande del av befolkninga, er det viktig at dei eldre sine synspunkt kjem tydeleg fram når det skal fattast vedtak som gjeld aldersgruppa 60+.

På den andre sida må det òg forventast at det ligg ein viss grad av plan og realisme i eldrerådet sine initiativ. Å bygga ein kommunal bowlinghall, som det kostar mange millionar å bygga i tillegg til driftsutgifter, er neppe noko vinnarsak så lenge sparekniven er i hyppig bruk både i helse- og i oppvekstsektoren. Heller ikkje å bruka tredje etasje i sjukehusbygget til institusjonsplassar etter at arealet er vedtatt nytta til kontorplassar. Det gjeld å påverka når saka blir behandla, kjem ein i etterkant skal det normalt svært kraftige og nye argument for at vedtak skal bli gjort om.

Skal eldrerådet fungera i tråd med intensjonen, kviler det elles eit stort ansvar på kommuneleiinga. Eldrerådet må tas med på råd i alle saker der det kan tenkast at gruppa har interesser. Eit godt samarbeid fordrar òg god dialog mellom partane. Ansvaret for dette ligg naturleg nok på begge partar. Diskusjonane om parkeringsplassar ved Eldresenteret gjer det tydeleg at ein har litt å gå på her.

Med ein stadig større del av befolkninga i aldersgruppa 60+, kombinert med at dei eldre i liten grad føler seg sett og høyrt, er det i grunnen forunderleg at dei ikkje har sørga for at dei i større grad er representert i kommunens øvste organ.

Anten ein stiller liste for eit eksisterande politisk parti, eller lagar ei eiga liste, som for øvrig krev om lag 73 underskrifter i Sauda nett no, ville utfallet høgst sannsynleg bli det same, ei eiga eldreliste ville fått plass i kommunestyret.

Velgarpotensialet er i alle tilfelle solid!