Nødvendige endringar

Onsdag denne veka kunne kommuneleiing og tilsette markera at ein endeleg kan ta i bruk tredjeetasjen i sjukehusbygget. Dei gamle, nedslitne og i lang tid ubrukte lokala har fått seg eit skikkeleg løft, og skal tena som kontor og møterom for Indre Ryfylke barnevern og Indre Ryfylke PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste). Drygt åtte år etter at kommunen kjøpte heile «Dr Johan Trumphys minde» av Helse Fonna for 4,1 millionar kroner, er heile bygget nå tatt i bruk.

Tredjeetasjen som nå er bygt om, var i bruk som sjukehusavdeling fram til ein gong på 1960-talet. Etter det har deler av dei 800 kvadratmetrane tent som vikar-hyblar og kontor for vikarlegar. Dei har ikkje akkurat hatt noko luksustilvære i lokala, som sist blei pussa opp ein gong på 1950-talet. Men nå er altså alt på stell, og lokala er på ny tatt i bruk til offentleg tenesteproduksjon.

Kva skal kommunen med endå meir kontorplass? undrar somme, og viser til tidlegare tider, då alle dei kommunale kontorfolka – og litt til – fekk plass inne i Rådhuset. Så er det no ein gong slik at også kommunen er ein del av eit samfunn i stadig endring, og det ville vera rart om kommuneorganisasjonen anno 2020 var om lag som den me hadde for 50 år sidan.

Sidan 1970 har talet på sysselsette i offentleg sektor nær tredobla seg. Blant sektorane med størst vekst, er elles eldreomsorga.

I takt med endra og større administrative oppgåver, høgare krav til dokumentasjon og innbyggarane sine aukande forventningar, aukar naturlegvis også behovet for administrasjon. Svært mange kommunale oppgåver i dag krev tilgang til ein kontorarbeidsplass.

Ombygginga av tredjeetasjen i sjukehusbygget er bare eitt av mange nødvendige tiltak for at Sauda kommune skal kunna levera tenester i tråd med dagens krav og forventningar. Ein er på ingen måte i mål, og eitt av dei større prosjekta som ventar i nær framtid, er å bygga om kontorstrukturen inne i Rådhuset, for å få fleire, om enn noko mindre kontor. Ein gjer ikkje dette for moro, men av behov.

Både i sosiale media og «på gatehjørnet» blir det stundom tatt til orde for å skjæra ned arbeidsstokken på Rådhuset heller enn «på golvet» i kommuneorganisasjonen, når budsjettkampane går på det hardaste. I den debatten kan det vera greitt å ta med seg at i Sauda går ein mindre del av utgiftene og eit mindre kronebeløp til kommuneadministrasjon enn tilfellet er i nabolaget.