Leabøen barnehage er positive til å få eit gangfelt over Fylkesveg 520 ved Svandalskrysset. Her blir Alma Rasmussen Vikre, Håkon Ildstad, Oda Olava Vikedal og Milian Ramsnes på veg over, hjelpt av Gro Stensvåg Seim i Leabøen barnehage.
Leabøen barnehage er positive til å få eit gangfelt over Fylkesveg 520 ved Svandalskrysset. Her blir Alma Rasmussen Vikre, Håkon Ildstad, Oda Olava Vikedal og Milian Ramsnes på veg over, hjelpt av Gro Stensvåg Seim i Leabøen barnehage. FOTO: Even Emberland

Ønsker gangfelt over fylkesvegen

Leabøen barnehage og privatpersonar etterlyser gangfelt nær Svandalskrysset og vegen ned til Saudasjøen kapell. Vegvesenet lovar å sjå på saka.

Fylkesveg 520 gjennom Saudasjøen har éitt gangfelt ved Risvoll skule og Sauda Fjordhotell.

Andreas Isaksen, busett nær Svandalskrysset, meiner det er på høg tid at ein får på plass eit gangfelt i nærheita av Svandalskrysset, busslomma og vegen som der går ned til Saudasjøen sentrum og fjorden.

– Det er ein veg med veldig mykje trafikk, og me ser at det er mange ungar og vaksne som kryssar vegen. Eg meiner det er heilt tydeleg eit behov for eit gangfelt der. Særleg på grunn av busstoppet, som gjer at det er naturleg at mange kryssar vegen i forbindelse med bussen, men også fordi det er mange unge, eldre og turgåarar som kryssar vegen, seier Isaksen.

Leabøen barnehage deler Isaksen si bekymring. Barnehagen har tidlegare vore i kontakt med Statens vegvesen og jobba for å få ein fotgjengarovergang over Fylkesveg 520 på Hedlot, tett på ein veg dei bruker mykje i kvardagen.

– Tilbakemeldinga me fekk var at området der me ønska overgangen var for uoversiktleg. Det gjeld ikkje for krysset kor du kan ta ned til kapellet. For oss ville det vore optimalt med ein overgang der me tidlegare føreslo det, men det viktigaste her er å få fleire overgangar. Ein overgang nær gangfeltet ned til kapellet hadde vore bra for oss, for i dag er det bare den eine overgangen ved Risvoll skule. Ta til dømes Lyspunkt-aktivitetane i kapellet på måndagar. Mange ungar går aleine dit, og mange av dei må krysse vegen utan ein fotgjengarovergang, seier Camilla Eikevik, styrar i Leabøen barnehage.

Bruker handbok

Johnny Kousgaard Pedersen ved plan- og forvaltningsseksjonen til Vegvesenet i Haugesund opplyser at gangfelt generelt er noko dei får henvendingar om frå privatpersonar. Isaksen tok måndag denne veka skriftleg kontakt med Vegvesenet for å be dei sjå på moglegheita for å lage eit gangfelt over Fylkesveg 520 nær Svandalskrysset.

– Eg har ikkje høyrt om denne problemstillinga før nå. Dette er nytt for meg. Me kjem til å saksbehandle førespurnaden og gjere vurderingar utifrå kva som då kjem fram, seier Pedersen.

– Kva faktorar er særleg viktige i vurderinga av om det bør vere ein fotgjengarovergang der eller ikkje?

– Det er fleire. Me skal ha eit visst antal gåande på akkurat det punktet for å argumentere for eit gangfelt der. Om ein tenker seg om, så kjem ein heilt sikkert på fleire gangfelt ein køyrer over kvar einaste dag kor ein aldri ser folk. Det er også ei rekke andre vurderingar me kjem til å gjere, basert på vår eiga handbok me har for dette. Det er eit komplisert bilde, og me må sjå fleire forhold opp mot kvarandre. Men det er klart, er det del av ein skuleveg, at mange eldre som kryssar vegen der eller andre slike type forhold, så er det faktorar som me sjølvsagt vil ta omsyn til, forklarer Pedersen.

Færre gangfelt

Dei siste åra har det komme ei rekke nye retningslinjer for kva som må til for at det skal bli laga eit gangfelt over ein fylkesveg.

– Samanlikna med for 30 år sidan er det mykje strengare i dag. Difor er det også færre gangfelt generelt i dag enn det var då. Me har også sett i nokre tilfelle at det ikkje nødvendigvis er sånn at det blir tryggare med eit gangfelt. Kryssar personar vegen utan, er dei veldig bevisste på trafikkbildet. Når det er gangfelt, ser me fleire som ikkje tar omsyn til resten av trafikkbildet og til dømes ser på mobilen og ikkje bryr seg om bilistar og andre, fordi dei har loven på si side om det skulle skje noko. Der me legg gangfelt vil me ikkje vere med på å skape ei slik form for falsk tryggheit. Det er også noko me må vurdere for den aktuelle plassen, seier Pedersen.