Stengt Røldalsveg

Røldalsvegen opna igjen

Vanskelege kjøreforhold og utforkjøring måndag kveld.

Måndag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 520 ved Breiborg.

– Politiet blei kontakta av ein saudamann i 30-åra som hadde køyrt av vegen grunna vanskelege kjøreforhold. Han framsto som uskadd då kan kontakta politiet, men blei tatt med til legevakt i Sauda for nærare sjekk, opplyser lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

Seinare same kveld melde Statens vegvesen at fjellovergangen mellom Sauda og Røldal var stengt. Tysdag morgon var status uendra.

– Vegen er stengt grunna vanskelege kjøreforhold for bilar på sommardekk, opplyser Ken Ove Holm hos Vegtrafikksentralen.

– Det ligg snø i vegbana og vegen blir ikkje opna igjen før snøen er borte og det er trygge kjøreforhold for bilar med sommardekk. Nærare vintersesongen ville ikkje desse forholda ført til stenging, då det er farbart for vinterskodde bilar, forklarer Holm.

Litt over klokka halv elleve tysdag formiddag blei kjøreforholda på fjellovergangen vurdert å vera slik at vegen kunne åpnast igjen for fri ferdsel.