Eva Weel Skram spelte og song fleire songar saman med ektemannen Thomas Stenersen i Saudahallen. Foto: Even Emberland.
20 år gamle Isah blir skildra som eit usedvanleg stort talent. I Sauda var rapparen tydeleg populær, og framførte fleire av sine eigne songar.
Suldal Røde Kors fekk 170 000 kroner i gåve til å investere i eit spesielt nettbrett som kan koplast til 113-sentralen, oppgradert hjartestartar og hjartekompresjonsmaskin.
Pyroeffektane blei sett i sving då Suldal Røde Kors skulle opp på scenen for å motta den største gåva torsdag, som var 170 000 kroner.
Laget for Hovlandsnutens Utvikling fortalde om alt ein kunne finne i Eventyrskogen, kor både Gruffalo, monster og andre dyr er å sjå for dei som tar turen. Dei fekk 130 000 kroner i støtte.
Ekteparet Thomas Stenersen og Eva Weel Skram var blant artistane som trekte publikum til Saudahallen.
Publikum sette stemninga med mobiltelefonane då Eva Weel Skram framførte Selmas sang frå julekalenderen Snøfall.
Andedammens Venner blei både overraska og svært glade over gåva på 120 000 kroner.
Hylsfjorden Idrettslag og fleire andre organisasjonar gjekk saman for å få støtte til til å kjøpe ei toalettvogn som kan nyttast ved større arrangement. Dei fekk 100 000 kroner.
Sauda Turnforening vil bruke dei 100 000 kronene til å skifte ut gammalt utstyr i turnhallen og få inn nye element. Ein såkalla airtrack var ønsket som blei fronta frå scenen av dei unge turnarane.
Vegard Harm nytta sjansen til å vise fram eit hjul då Sauda Turnforening fekk ei gåve frå Sparebanken Vest.
Skigruppa i Suldal Idrettslag fekk 75 000 kroner til å oppgradere utstyret dei bruker til innetrening om vinteren, eit tilbod som er for alle, også dei som ikkje går skirenn.
Sameiet Birkeland, Engja og Søndenå Grunneigarlag fekk 75 000 kroner til Ta Sjansen-arrangementet dei hadde for første gong under årets utgåve av Saudadagane. Frå scenen garanterte dei at det blir Ta Sjansen også i 2020.
Suldal Husflidslag med sine 52 medlemmer fekk 40 000 kroner til å kjøpe inn utstyr og vidareutvikle tilbodet på snikkersalen.
Are Nerheim i karateklubben blei utfordra av Morten Hegseth til å vise karate på scenen. Den utfordringa tok han på strak arm.
Sauda Makotokai Karateklubb, her ved Stian Bjørheim, fekk 40 000 kroner i gåve frå Sparebanken Vest.
Bandet The Canadians i Sauda kulturskule heldt det første musikalske innslaget i gratiskonserten.
Vegard Harm (til venstre) og Morten Hegseth fekk publikum til å trekke på smilebanda med sine mange historier frå scenen.
Sparebanken Vest opna showet, mellom anna med banksjef i Sparebanken Vest Haugesund Nina Hopsdal, på scenen.
Per Inge Fjellheim, ei av eldsjelene i Laget for Hovlandsnutens Utvikling, visste ingenting om gåva på 130 000 kroner som venta eit par timar etter at han kom som tilskodar til Hjartebank-arrangementet.
Sjå bilda frå Hjartebank
Ryfylke gir deg blinkskota frå gratiskonserten. Bla gjennom galleriet over.