Uhøyrt forslag

Vasskraftproduksjon er for mange norske kommunar den største og viktigaste økonomiske aktiviteten som skjer innanfor kommunegrensene. Retten til å skattlegga kraftanlegga lokalt, har vasskraftalderen sin spede start sikra kommunane sin rettmessige del av verdiskapinga. Så lenge ein har fått fornuftig kompensasjon for å stilla eigne naturressursar til rådvelde for storsamfunnet, har kommunepolitikarane akseptert naturinngrepa som har vore nødvendig for å kunna produsera «det kvite gullet».

Når eit statleg nedsett ekspertutval nå føreslår å fjerna det meste av kommunane sine inntekter frå kraftproduksjon, rokkar dette ved balansen mellom inngrep og kompensasjon.

For Sauda kommune sin del, vil ei endring i tråd med ekspertutvalet si tilråding strippa kommunebudsjettet med grovt rekna 65 millionar kroner i året. Erfaringane med nye kompensasjonsordningar som skal erstatta bortfall av inntekter, tilseier at bortfallet ikkje vil bli fullfinansiert. Dermed er faren overhengande for at Sauda sit att bare med knappar og glansbilde som storsamfunnets takk for omfattande inngrep i uerstattelege naturområde.

Utvalet si tilråding kjem som eit pliktoppfyllande bestillingsverk i tråd med mandatet frå regjeringa. Å initiera eit slikt paradigmeskifte i kraftforvaltninga er både historielaust og direkte distriktsfiendtleg av styresmaktene.

Ekspertutvalet grunngir forslaga med at konsesjonskraft, konsesjonsavgift og eigedomsskatt har uheldige verknader då dei ikkje er basert på lønsamheit i vasskraftverka, noko som svekker kraftselskapa sine insentiv til å investera. Denne observasjonen er i seg sjølv korrekt, og det er fornuftig å sjå nærare på grunnlaget for skattlegginga. Men den nyleg framlagde tilrådinga er heilt feil medisin.

Skulle tilrådinga frå ekspertutvalet bli tatt til følge, vil imidlertid ikkje manglande insentiv til å investera bli eit problem i det heile tatt, då det på ingen måte finst tilstrekkelege insentiv for kommunane til å gå med på ytterlegare investeringar i vasskraft. Det blir full vasskraft-stopp i heile landet. Med dei klimamåla og -forpliktingane Norge har tatt på seg, ville dette mildt sagt sjå snodig ut, både frå norsk og internasjonalt hald.

Utvalet argumenterer vidare med at vasskraftbransjen skal få tilnærma same rammer som øvrig næringsliv. Det er eit dårleg argument. Vasskrafta er ein særressurs som i over 100 år har hatt særlover og særreglar, nettopp fordi dette ikkje kan samanliknast med anna næring. Det er meiningslaust å prøva å setta strek over eit regime som på ein nokolunde forusigbar måte har sikra kommunane sin rettmessige del av kaka. Særleg når resultatet blir at staten krafsar til seg endå meir enn dei 75 prosentane av verdiskapinga frå norsk vasskraft som dei alt gjer i dag.

Det er ikkje noko overdriving å slå fast at me politisk sett står overfor ei av dei aller viktigaste sakene for Distrikts-Norge i moderne tid. Det mest skremmande er at ekspertutvalet si innstilling er heilt i tråd med føringane gitt i bestillinga frå den sittande regjeringa.