Kjedeleg – men viktig?

Det kan stundom vera freistande for avisa å hoppa bukk over politiske saker som er oppe til behandling lokalt – eller i det minste gjera dekkinga til eit minimum. Årsaka er enkel: Mykje av stoffet kan framstå som forferdeleg tørt og kjedeleg. Ein ting at saka i seg sjølv kan innehalda tung materie og er vanskeleg å presentera på ein måte som fengar lesaren. Ein annan at svært mange lesarar i liten grad synest å interessera seg for tema som kommuneplanen. Det er synd.

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og dannar rammene for kommunen sine øvrige planar. Det er dette dokumentet som fastset bruk, avgrensingar og vern av areal, saman med strategiar for framtidig utvikling i kommunen. Alt dette under ein paraply som skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål – i alle fall så godt det lar seg gjera å sameina desse.

Det kan sjølvsagt vera utfordrande å sjå den direkte samanhengen mellom formuleringar i kommuneplanen og innverknaden dette får for kvar enkelt av oss. Dei som engasjerer seg i innhaldet i plandokumentet, og særleg i arealdelen, er derfor gjerne ofte avgrensa til grunneigarar med planar om eigedomsutvikling, nokre få privatpersonar og interesseorganisasjonar med sterke meiningar om enkelttiltak, offentlege instansar som skal ivareta nasjonal og regional politikk og lokalpolitikarar med større eller mindre ambisjonar om å setta sitt og partiet sitt preg på utviklinga av lokalsamfunnet.

Erfaring tilseier at meinigmann har ein tendens til å komma på banen først når dei sjølv får konsekvensar av planformuleringane tett innpå seg. Når både kommunen og fylkesmann slår fast at drøymetomta ikkje kan nyttast til ny hytte, når du får nytt næringsareal som næraste nabo, når du er nøydd til å bygga to etasjars bustadhus, når hytta ikkje kan utvidast for å gjera plass til storfamilien og når skulevegen til ungane dine ikkje vil bli gjort tryggare på mange år. Alt dette med bakgrunn i dei avgrensingane og dei mulegheitene den vedtatte kommuneplanen gir. Det hender det blir gitt dispensasjonar frå gjeldande planar, men når det gjeld kommuneplanen både kan og skal dette sitta langt inne.

Når Ryfylke vel å gi plass til og prøva å skapa interesse for saker om kommuneplanar og andre saker som ved første augnekast kan verka mindre interessant enn å sjå maling tørka, gjer me det fordi slike saker vil vera retningsgivande for utviklinga av lokalsamfunnet i åra som kjem. Og framtida og utviklinga av Sauda bør interessera kvar og ein av oss.