Hurra for bonden!

«Bønder i byn»-arrangementet i Sauda kom i 2014 som eit friskt pust på den lokale arrangementshimmelen. Sidan då har tilskipinga vore ei årviss hending, som har skapt glede og trivsel i sentrum i ei årstid då vintermørkret er i ferd med å festa taket og regnet strøymer både stritt og titt.

Gjennom «bønder i byn» er den lokale landbruksnæringa med og tar i eit tak for å skapa aktivitet og attraktivitet i sentrum. Dei er sjølvsagt ikkje åleine, med på laget er både næringslivet og offentlege Sauda, i tillegg til at det blir lagt ned eit ikkje ubetydeleg dugnadsarbeid. Det såg ei stund heller spøke ut for årets arrangement etter at Sauda Sentrumsutvikling såg seg nøydd til å legga inn årene på vårparten. Heldigvis for Sauda valde dugnadsgjengen å halda lunk i konseptet og handelsforeininga sette prinsippa til side og løyvde pengar, noko som blei ein utløysande faktor. Dermed blir det «bønder i byn» dette året og.

Landbruksnæringa sitt engasjement i dette arrangementet fortener ros. Det er neppe noko big business for bøndene å stilla ut dyra sine på torget. Og det krev ikkje så reint lite arbeid å få på plass buskapen i sentrum, eit stykke unna der dyra lever sine daglege liv. Omdømmemessig er det likevel ein liten genistrek det dei gjer. Både ungar og vaksne liker og lar seg fascinera av dyr. Husdyra, om dei er aldri så alminnelege, er med på å skapa ei triveleg ramme rundt laurdagshandelen. Det gjer noko med kvarmannsen si haldning til det norske landbruket.

Bøndene sine bidrag til å bygga attraktivitet for Sauda kan på mange måtar stå som eit godt eksempel på det moderne landbruket i ein distriktskommune inst i ein fjord. Heilt sidan storindustrien skubba landbruket til sides og skapte industrikommunen Sauda for hundre år sidan, har landbruksnæringa måtta finna seg i å spela andre- og tredjefiolin i det lokale næringsorkesteret. I dag verkar næringa imidlertid å vera på full fart tilbake. Ein skimtar ei haldning der det gjeld å gripa tak i dei mulegheitene som finst blant dei ressursane ein har til rådvelde.

Landbruket er òg blitt ein viktig arena for utvikling, innovasjon og nytenking lokalt, nettopp slike eigenskapar som er viktig for å løfta Sauda inn i framtida.