Mat og drøs er folkehelse

Einsamheit er eit veksande folkehelseproblem. Med sviktande helse og tap av nære personar, er eldre i større fare for å hamna i denne kategorien enn den øvrige befolkninga. Løysinga kan godt vera eit samarbeid mellom det offentlege og frivilligheita.

Det å føla seg einsam kan i seg sjølv vera ei belastning. Einsamheita reduserer trivselen, som igjen gjer at ein et mindre, søv dårlegare og generelt er mindre aktiv. For eldre, som har eit auka behov for vitaminar og mineral, kan dette leia vidare til underernæring og passivitet, og til depresjon.

Einsamheit er ikkje det same som å vera åleine. Mange set pris på å vera åleine. Einsamheit heng meir saman med sosiale behov og forventningar, der ein har mindre sosial omgang enn ein ønsker å ha. Tre av ti nordmenn over 80 år seier dei er einsame.

Førre veke inviterte Sauda sanitetsforeining eldre, einslege på middag. Frammøtet på «Alfred» i Mogata stadfestar at ei felles måltidsstund er noko Saudas eldre gjerne vil vera med på. Etter kvart som tilbodet blir endå betre kjent, vil heilt sikkert endå fleire fatta interesse for å møtast over eit godt måltid mat i framtida. Det er vel unt dei eldre å få eit slikt tilbod, både med omsyn til trivsel og ernæring.

Det er også gledeleg å konstatera at sanitetsforeininga er i full aktivitet igjen, med ny giv og nye folk med på laget. Heilt sidan foreininga blei skipa i 1917 har medlemmene her lagt ned ein betydeleg innsats for å fremma folkehelsa i kommunen. For bare nokre få år sidan såg det spøke ut for framtida til denne ideelle organisasjonen, men den seinare tida har dei kome på banen igjen og mellom anna invitert til barseltreff og til matlagingskurs for hybelbuarar.

Med tilbod også om middag og sosialt samvære for einslege eldre på menyen, held sanitetsforeininga fram med å yta viktige bidrag for å ta vare på helsa til saudabuen.