Leiar i sanitetsforeininga, Spiwe T. Rønning i prat med Ingjerd Ersland (86) og Gunvor Stensvåg (86). Begge dei eldre kvinnene har budd åleine i 25 år etter at ektemennene deira døydde.
Leiar i sanitetsforeininga, Spiwe T. Rønning i prat med Ingjerd Ersland (86) og Gunvor Stensvåg (86). Begge dei eldre kvinnene har budd åleine i 25 år etter at ektemennene deira døydde. FOTO: Ingvil Bakka

Sanitetsdamene baud på middag for einslege

Stuntet til Sauda sanitetsforening slo an. I haust byr dei over 60 einslege eldre på ein tre-rettars middag i Alfred-lokala.

– Veldig koseleg å få komma saman og få så god mat, seier Gunvor Stensvåg.

Ho og Ingjerd Ersland (begge 86 år gamle) var blant dei 22 åleinebuande eldre som tysdag i sist veke var invitert til Alfred-lokala i Mogata. Like mange gjester var venta til onsdagens arrangement. Også seinare i haust blir det ein middagskveld for ein ny gjeng eldre som bur åleine.

– Eg fekk invitasjon. Spiwe kom på døra mi og inviterte meg, fortel Ersland, som har budd åleine sidan mannen Johannes døydde for 25 år sidan.

Aktiv foreining

40 år gamle Spiwe T. Rønning har vore leiar i Sauda sanitetsforening i nøyaktig eitt år nå. Ho har vore eit svært friskt pust i sanitetsforeininga, som sleit med få medlemmer, hadde lite aktivitet og høg snittalder. Det siste året har sanitetsforeininga hatt fleire ulike arrangement, som for eksempel matlagingskveldar for hybelelevar, barselgrupper og rytmisk dans og work shop.

– Ja, snittalderen har nok gått ned. Nå ligg den på rundt 70 år! Haha! Neida, men jo, me har fleire godt vaksne medlemmer, og det er veldig bra, seier ho smilande.

Fekk midlar

Helsedirektoratet gir midlar til stiftelsar og organisasjonar som gjennom prosjekt bidrar til auka matglede, helse og trivsel for åleinebuande eldre. Sauda sanitetsforening søkte derfor om midlar til å arrangera middag for eldre åleinebuande saudabuar. Søknaden blei innvilga, og nå har sanitetsforeininga pengar til å arrangera fleire kveldar for denne målgruppa.

– Barn, unge og vaksne har ofte mange ulike tilbod på fritida. Eldre er ei gruppe som ofte blir gløymt. Vanskelegast er det kanskje for dei eldre som også bur åleine. Det ønska me å gjera noko med, og drog i gang dette, forklarer Rønning.

Dei starta med ei Facebook-utlysing, der dei bad om tips om åleinebuande eldre som dei kunne invitera på middag. Responsen var stor, og arbeidet med å kjøra rundt med invitasjonar blei langt større enn venta.

Lokal meny

Menyen denne tysdagskvelden bestod nesten utelukkande av mat og drikke frå lokale råvarer. Gjestene fekk ein jus av eple frå Vanvik i velkomstdrink, laks røykt på Klekkeriet og egg frå Rivsold-garden til forrett, og ein gryterett med lam frå Sauda og grønsaker frå Løland-garden på Austarheim. Til dessert var det eplekake, med eple ”frå ein hage på Herheimsmoen” og vaniljeis.

– Og så byr me på kaffi og sjokolade etterpå, kunne kokken Kerstin Geelmuyden Rød fortella.

38-åringen driv pop-up-kafeen Alfred og er også medlem i Sauda sanitetsforening.

Fornøgde damer

Ingjerd Ersland og Gunvor Stensvåg var godt fornøgd med maten, så langt, då dei prata med Ryfylke etter hovudretten. Sjølv om dei to damene bur åleine, er dei flinke til å komma seg ut.

– Eg er ofte ute på restaurant, eg, med familien min, forklarer Ersland, som i si tid jobba på Sauda bokføringssentral og Wisma.

Ersland er medlem i Sauda sanitetsforening.

Tidlegare sjukepleiar Gunvor Stensvåg fortel at ho tar buss frå Saudasjøen og inn til Sauda sentrum to gonger i veka for å handla.

– Men eg er ikkje så ofte ute og et middag. Det har blitt lite slikt. Då eg var ung var det for travelt. Veit du; eg fekk to par tvillingar i tillegg til ein son til. Nå, når eg er eldre har det likesom ikkje blitt så mykje restaurant-besøk. Så dette var veldig kjekt, smiler ho.

Med på middagsarrangementet denne tysdagskvelden var ein kvartett frå valfaget ”Omsorg for andre” frå Sauda ungdomsskule. Dei hjelpte til i serveringa og underheldt med gitarspeling og song. Utpå kvelden kom også Kåre Rød til lokalet og underheldt med kåseri..