Ein fin måte å bry seg på

Etter nokre års opphald, er det på ny natteramnar å sjå i sentrumsgatene i Sauda i helgane. Det er godt nytt for alle som er opptatt av å skapa eit godt og trygt oppvekstmiljø.

Natteramnane som organisasjon såg dagens lys i 1990. Sidan då har deira nærvær bidratt til å gjera byar og tettstader til trygge stader å vera for alle. Organisasjonen har norsk opphav og er politisk og religiøs nøytral. I Sauda letta dei første natteramnane 14. februar 1992. Sidan då har vaksne saudabuar med ramnemerke på jakkane i periodevis patruljert sentrumsgatene i Sauda.

Visjonen til natteramnane er at dei vaksne sitt synlege nærvær verkar dempande på rus-, vald- og skadeproblematikk. Erfaringar tilseier at møtet mellom ungdom og natteramnar skapar positiv kontakt. Dei unge set pris på tryggleiken det ligg i å ha dei vaksne rundt seg og dei vaksne set pris på kontakten med dei unge. Natteramnane har inga formell myndigheit og kan ikkje gripa inn i situasjonar som openlyst er politiet si oppgåve å handtera. Dei vil imidlertid hjelpa til dersom dei kjem i kontakt med personar som av ulike årsaker ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv, gjerne ved å formidla kontakt til det offenteleg hjelpeapparatet.

Ved starten i 1992 var det Sauda kommune ved kulturkontoret som organiserte natteramntenesta. Seinare overtok frivilligsentralen. Etter nokre års fråvere, har nå Sauda Røde Kors tatt initiativet til å få på plass edru, vaksne folk på byn i helgane. Også Røde Kors er ein frivillig organisasjon, og som ved tidlegare natteramn-ordningar treng dei folk med på laget. Den mulegheita bør saudabuen nytta seg av!

Å stilla opp som natteramn kostar ein frikveld og -natt. Å gje avkall på to-tre slike i året er likevel noko dei fleste kan stå i. Tilbake får ein eit unikt høve til å treffa ungdommar og unge vaksne som ein ikkje treffer så ofte elles. Ein blir sett pris på, ikkje bare av dei ein møter, men òg dei mange som sit heime og gjerne er ein smule urolege for avkommet som er på veg inn i vaksenverda, med alt det fører med seg. Foreldre og besteforeldre med ungar i «rette alderen» som går natteramn får møta venner og kjende av sine eigne i ein ny setting. Mange vil utvilsamt bli positivt overraska i sitt møte med desse unge menneska.

Det heile handlar om å bry seg, og å vera med på å skapa eit tryggare og varmare Sauda. Då er nokre timar med natteramnteneste ein svært god måte å bry seg på.