Ellen Instefjord frå Sparebankstiftelsen SR-bank overrekker fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) synleg bevis på at stiftinga er med på MOR-laget. Overrekkinga skjedde under fylkestinget sitt møte på Hotell Atlantic tysdag..
Ellen Instefjord frå Sparebankstiftelsen SR-bank overrekker fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) synleg bevis på at stiftinga er med på MOR-laget. Overrekkinga skjedde under fylkestinget sitt møte på Hotell Atlantic tysdag.. FOTO: Hans Hylen Solberg

Mobiliserer mot fråfall i den vidaregåande skulen

Dei vidaregåande skulane i Ryfylke får med seg eit offentleg/privat spleiselag på finansieringa av prosjektet «Utforskande skuletilbod».

Mange unge slit med overgangen mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Spesielt slit gutar med å tilpassa seg den nye skulekvardagen, ofte med fråfall som resultat. Utan vidaregåande skule i botn, står ein i fare for å hamne utanfor arbeidslivet og bli ståande på sidelinja i samfunnet.

Nå lanserer det nasjonale pilotprosjektet MOR (motivasjon, opplæring og rettleiing), med utspring frå Strand og Sauda vidaregåande skular, eit delprosjekt der dei vil sjå nærare på korleis ein kan skreddarsy tilbodet til elevar som slit med denne kritiske overgangen.

Tysdag denne veka blei prosjektet «Utforskande skuletilbod» presentert for fylkestinget. Samtidig kunne Ellen Instefjord frå Sparebankstiftelsen SR-bank overrekka fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) ein gåvesjekk på éin million kroner i støtte til prosjektet.

Pengane på plass

Med Sparebankstiftelsen SR-bank si gåve på éin million kroner er prosjektet i regi av MOR (motivasjon, opplæring og rettleiing) fullfinansiert. Frå før har Ryfylkefondet lova 500 000 kroner, NAV stiller med inntil 2,4 millionar kroner og fylkeskommunen sjølv, gjennom dei vidaregåande skulane, med inntil éin million.

– Det er sjølvsagt kjekt å klara å realisera desse prosjekta, slår Hans Hylen Solberg i MOR fast.

–  Samtidig manglar me ennå grunnfinansiering for MOR og for andre prosjekt me arbeider med. I forslaget til statsbudsjett for 2020 er det imidlertid ein post som heiter «Kompetansepilotar» hos kommunal- og moderniseringsdepartementet. Eg trur me skal vera i brukbar posisjon til å komma inn under dette kapittelet og dermed sikra statleg deltaking i MOR-spleiselaget i ein treårsperiode, seier Solberg.

Kvardagsmeistring

I «Utforskande skuletilbod» ligg to prosjekt. Med «Eitt skritt vidare» vil ein sjå nærare på korleis ein skal sikra at elevar som er elevar i vidaregåande skule, men ikkje får det til, skal bli verande. Tilbodet vil òg gjelda ungdommar som for tida verken er i arbeid eller i den vidaregåande opplæringa.

«Eit utforskande skuleår» skal vera eit tilbod som møter elevane i overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule. Her vil ein kombinera teori, praksis, kvardagsmeistring og god karriererettleiing.

I dette ligg mellom anna opplæring innan privatøkonomi, organisering av kvardagen i vaksenlivet og kunnskapar om offentleg forvaltning, som til dømes skatt, barnevern og NAV.

Det vil også bli lagt til rette for ulike kvalifiseringstiltak, slik som førarkort for truck og bil og opplæring i stillas, varme arbeid og førstehjelp. Tilboda gir elevane dokumentasjon på at dei meistrar noko.

– Meistring og små sigrar, såkalla «small wins», er kjende omgrep frå organisasjonsteorien. Er det slik ein tenker her og?

– Heilt klart. Det å gi opplevinga av å lukkast er ein god måte å bygga opp folk på. Suksess avlar ofte suksess, stadfestar Hylen Solberg.

Han fortel vidare at «Utforskande skuletilbod» i langt større grad enn tidlegare vil ta utgangspunkt i interesser og ønske frå dei det gjeld, ungdommane.

– Gjennom åra har ein prøvd ulike tiltak for å hindra fråfall. Mellom anna har både kosthald og søvn vore fokusområde. Nå vil ein i større grad spørja ungdommen kva dei vil. Det er utruleg kva skulen kan få til om ein tar utgangspunkt i noko den enkelte er interessert i. Det handlar om å visa at ein ser dei unge og bryr seg, forklarer han.

Forsøket skal vera eit samskapt prosjekt mellom skule, rettleiingstenesta og arbeidslivet og er planlagt for to grupper på omlag 15 personar.

– Eg reknar med at me vil vera i gang så smått ut over vinteren, og så vil det naturleg nok bli fokus på elevane som skal frå ungdomsskulen og over i den vidaregåande skulen hausten 2020, avrundar Hans Hylen Solberg i MOR-prosjektet.