A-laget held plassen i 5. divisjon. Det stadfestar klubbutviklar i Rogaland Fotballkrets Lars Fisketjøn overfor Ryfylke.
I haust blei det klart at det til saman er fire lag som rykkar ned frå dei fire avdelingane i 5. divisjon i Rogaland. Dermed må laget på sisteplass i kvar avdeling ta turen ned i 6. divisjon.
I Sauda si avdeling trekte Kopervik 2 laget sitt i mai. Difor rykkar ingen av dei andre laga ned.
Mange knipne tap
Sauda rykka i fjor opp frå 6. divisjon. I årets 5. divisjon har dei fått det tøft. Etter 0-4-tapet borte mot Skudenes på torsdag, står laget med eitt poeng på 21 kampar. Poenget kom i vår, i ein jamspelt 0-0-kamp heime mot Etne. Dermed kjem Sauda til å ende sesongen på sisteplass av dei 13 laga som er igjen etter at Kopervik 2 trekte seg.
Åtte av Sauda sine tap har vore med eitt eller to mål, kor Sauda utifrå spel og sjansar hadde moglegheiter til å ta både eitt og tre poeng.
Spelande trenar Atle Mehus og spelargruppa forventa før sesongen blei sparka i gang i vår at det kom til å bli ein kamp for å unngå nedrykk.
– Me visste at det ville bli tøft og at me skulle kjempe imot nedrykk. Men at det skulle bli som dette, det hadde me nok ikkje sett for oss. Målet for sesongen var å halde plassen, men det var ikkje på denne måten me hadde lyst til å klare det, seier Mehus.
– Kva har gjort at det ikkje har blitt poeng i dei jamne kampane?
– Me har nok mangla litt rutine i begge endar av banen. Me ser jo at me veldig lenge har spelt jamt med dei me møter, men at me klarer ikkje å vere gode nok i dei avgjerande fasane, forklarer den spelande trenaren.
Skryt av lagmoralen
A-laget har att tre kampar denne sesongen. Først heimekamp mot Ølen på torsdag, deretter ein ny heimekamp mot Rubbestadnes tysdag neste veke, før dei avsluttar borte mot Nord laurdag om halvanna veke.
Det er eit ungt mannskap som har kjempa for Sauda i år. Gjennomsnittsalderen på troppen som torsdag spelte mot Skudenes var 19 år, kor ti av 14 spelarar var 19 år eller yngre.
– Eg håper me ikkje har skremt dei unge heilt vekk etter denne sesongen. Det er mange i årets lag som har fått god matching gjennom sesongen. Det trur eg kan bli synleg neste år, kor dei kan bygge på erfaringane frå i år, meiner Mehus.
– Korleis har stemninga innad i gruppa vore og utvikla seg når det har gått trått resultatmessig?
– Det sosiale har vore veldig bra. Me har det kjekt på trening, utanfor treningane og på dugnad. Men treningsoppmøtet har vore litt for lite i år samanlikna med i fjor. Me har blitt litt for få litt for mange gonger. Me trener bare to gonger i veka, og når det då blir ein del fråfall, så har me vore sårbare.
– Vidt forskjellege sesongar
Mehus debuterte som spelande trenar i fjor. Det blei ein jubelsesong kor A-laget cruisa gjennom 6. divisjon og vann 15 av 18 kampar. Kvardagen i årets 5. divisjon har vore den rake motsetning.
– Det har vore vidt forskjellege sesongar, ingen tvil om det. Etter den flyten me hadde i fjor, så hadde me kanskje godt av å få ein i trynet som viser at om ein skal opp eit nivå, så må trenings- og innsatsnivået aukast.
– Har du lyst til å trene laget neste år?
– Det har eg ikkje tatt stilling til. Nå skal me først gjere ferdig årets sesong og dei tre kampane me har igjen. For min del har det litt med kor mange som vil vere med vidare å gjere, og me skal bruke ei stund etter sesongen på å få oversikt og sjå kor mange som vil vere med neste år og prioritere treningar og kampar. Om eg då har lyst til å vere med vidare som trenar, så er det uansett fotballgruppa og styret der som avgjer om eg eventuelt får fortsette, seier Mehus.